Sjå bileta der dronning Sonja var med på feiringa av Flatbrehytta
Før den offisielle markeringa gjekk ho turen til Flatbrehytta som ligg like ved breen 996 meter over havet.
Vemod
Dronninga gjekk denne turen første gong i 1979, og syntes det var vemodig å vere med på 50-års markeringa utan Anders Øygard, som sette opp hytta.
– Det var hyggeleg å treffe familien til Anders og livet går vidare, sa ei rørt dronning Sonja, som sa seg glad for at sonen Eirik Øygard held tradisjonen etter faren i hevd.
Bar alt til fjells
I går gjekk Dronninga turen til Flatbrehytta saman med sønene til Anders Øygard, Eirik og Jostein. Anders Øygard som sette opp den populære turisthytta i 1954, bar alt utanom sjølve steinen frå fjellfoten 900 meter under hytta. Det seiest at han på ein dag har gått ni gonger opp til breen. Anders Øygard døydde i 1993.
Anders Øygard var breførar for Dronninga ved fleire høve, og ho fortalte om mange sterke minne frå turane med Øygard, mellom anna om nattevandring på langs av Jostedalsbreen.
– Sprek dronning
Son til Anders, Eirik Øygard, som no driv Flatbrehytta saman med kona Gunn, sette stor pris på å få Dronninga på besøk. Han gjekk turen til Flatbrehytta saman med Dronninga i går, og var imponert over kor sprek Dronning Sonja er.
Mange, både fjellfolk og bygdefolk, hadde møtt fram for å vere med på markeringa som gjekk føre seg i Øygardtunet. Også kulturminister Valgerd Svarstad Haugland var med på 50-års markeringa i går. Ho sa Flatbrehytta har betydd svært mykje for norsk bresport.
Pengegåve
No skal Flatbrehytta utvidast, og Eirik Øygard fekk i går ei pengegåve frå Den Norske Turistforening til arbeidet. Han var rørt over kor mange som i går viste at dei set pris Flatbrehytta og arbeidet som faren gjorde.
Flatbrehytta ligg ved kanten av breen. Foto Heidi Lise Bakke NRK.