Hopp til innhold

124 millionar mindre til buss og bane

Det nye inntektssystemet til regjeringa går hardt utover kollektivtrafikken i Hordaland. Fylket får 124 millionar kroner mindre å rutte med. – Vanskeleg å godta, seier fungerande fylkesrådmann.

Bybanen

MINDRE Å RUTTE MED: Til buss og bane får Hordaland Fylkeskommune 124 millionar kroner dei neste fem åra.

Foto: NRK

– Me får 23 millionar mindre til skuleverket, 124 millionar mindre til buss og bane, 58 millionar mindre til båt og ferje, og tre millionar mindre til tannhelse, seier fungerande fylkesrådmann Johnny Stiansen i Hordaland.

Det var då regjeringa la fram kommuneproposisjonen 2015 den 14. mai at eit forslag til nytt inntektssystem for fylkeskommunane vart lagt fram. Det kom då fram at Hordaland fylkeskommune må klare seg med 100 millionar kroner mindre dei fem neste åra.

– Eit slikt kutt gjer det vanskelegare å finansiere kollektivtrafikk og vidaregåande skular, sa fylkesordførar Tom Christer Nilsen til NRK den gongen.

Stortinget slutta seg til forslaget den 18. juni, og no har fylkeskommunen sett nærare på kva konsekvensar kutta vil få.

– Me tapar stort sett på dei fleste områda, men vegsektoren av inntektssystemet gir ein pluss på netto 100 millionar, seier Stiansen.

Nye kriterium slår negativt ut

Inntektssystemet til regjeringa består av fleire delsektorar og det er kollektivtransport og særskilt buss og bane fylkeskommunen har sett nærare på.

– Hordaland har eit forbruk som er kring 20 prosent høgare enn eit snittfylke, medan tilskotet me får på dette området er circa 12 prosent mindre enn eit snittfylke, seier Stiansen.

Det at Hordaland får 124 millionar mindre til buss og bane er vedtatt i Stortinget, og det er ikkje mogleg for fylkeskommunen å endre på.

– Det er spesielt ein faktor som slår negativt ut for oss, og det er befolkning per kilometer offentleg veg. Oslo får eit utslag på 250 prosent medan me får eit negativt utslag på 45 prosent. Det har me veldig vanskeleg for å godta.

Bergen, Trondheim, og Stavanger får alle tre negativt utslag av dette, og det er berre Oslo dette er gunstig for, seier Stiansen.

Den sokalla «storbyfaktoren» er også falle bort, noko som er med å bidra til det negative utslaget.

Båt og ferje gir framleis håp

Det nye inntektssystemet gir også 58 millionar kroner mindre til båt og ferje i Hordaland, men dette punktet er enno ikkje vedtatt i Stortinget.

– Slik det er i dag er det føreslått å rekne ut tilskotet etter kor mange ferjer kvart enkelt fylke har. Det er ikkje skilje mellom ei ferjestrekning med ei ferje eller ei strekning med to, og heller ikkje mellom ei ferje som går hyppig eller ei som går sjeldan, seier han.

Dette meiner Stiansen kan vere negativt for Hordaland, og det er difor sett i gang eit arbeid for å sjå om det kan finnast ein måte som slår gunstigare ut for fylket.

– Det vil me då legge fram for våre folkevalde og eventuelt sende det til departementa slik at dei kan vurdere våre synspunkt, seier Stiansen.