Hopp til innhold

Drapssaker i Sogn og Fjordane

Det har vore fleire drapssaker i Sogn og Fjordane dei siste åra.

Angedalsvegen i Førde, der Anne Slåtten vart funnen drepen i 2004.
Foto: NRK

I dei fleste sakene har nære slektningar stått bak drapa.

Tre drap i 2004

28. oktober 2004: Den 19 år gamle Hedda Karterudseter frå Telemark vart funnen drepen på rommet sitt på Sogndal Folkehøgskule. Ein mann i 30-åra vart dømd til fengsel i 15 år for drapet.

August 2004: Ein mann i Sogndal vedgjekk å ha teke livet av bror sin med kniv, men slapp straff fordi han handla i naudverje.

6. juni 2004: Den 23 år gamle sjukepleiestudenten Anne Slåtten frå Rogaland vart drepen på veg til jobb i Førde. Ein mann i 40-åra vart dømd til fengsel i 15 år for drapet.

Kripos på Bryggja i 2003.
Foto: Inge Skavøypoll / NRK

13. juli 2003: Ei 31 år gamal kvinne vart funnen sterkt skadd på Bryggja i Nordfjord. Ho døydde seinare på sjukehus etter store hovudskadar og nedkjøling. Sambuaren vart dømd til fengsel i tre og eit halvt år.

18. mai 1996: Ein mann i Førde vart funnen omkomen i heimen sin. Ein nær slektning vart arrestert og dømd for drapet.

31. mai 1994: Ein mann vart skoten og drepen i Førde. Mannen som løyste skotet vart dømd for aktlaust drap.

På slutten av 1980-talet tok ein ungdom på Kaupanger livet av fosterforeldra sine med kniv. Han vart dømd til sikring.

Fure-saka

1986: Eit eldre ektepar på Fure i Fjaler vart meld sakna. Ved hjelp av miniubåt vart dei funne nedsøkkte på 400 meters djup i Vilnesfjorden. Grannen til ekteparet vart dømd for dobbeltdrapet.

Tidleg på 1980-talet vart Hafslo rysta av to drap. I det eine tilfellet tok ein huseigar livet av ein person som trengde seg inn i huset hans. I det andre tilfellet slo ein far i hel sonen sin med ei vedskie.

Drap svigerfaren

1979: Ein eldre mann i Stryn vart funnen drepen i huset sitt. Etter ei tids etterforsking vart svigersonen som budde på Austlandet arrestert og dømd for drapet. Han prøvde å få heva ei stor livsforsikring som var teikna på svigerfaren.

1976: Ein ungdom i Sogndal tok livet av bestemor si ved å skyte henne i hovudet.