Hopp til innhold

Dramatisk auke i inkassosaker

Tal inkassosaker i Sogn og Fjordane auka med 27 prosent i fjor.

Det viser tal frå Lindorff, eit av Europas leiande aktørar innan betalingsoppfølgjing.

- Utviklinga er urovekkjande, seier administrerande direktør Heidi Skaaret.

- Må vere bevisst

Spesielt aukar tal inkassosaker blant unge. Mot slutten av fjoråret hadde kring 370 personar i alderen 18 til 25 år i Sogn og Fjordane, til saman over 13 millionar kroner i inkassogjeld hos selskapet. Unge personar framstår ofte som attraktive kundar på sikt, og mange får meir kreditt enn dei er gode for.

- Vårt råd er at dei unge må vere seg meir bevisst kva økonomiske forpliktingar dei har råd til å inngå, seier Skaaret.

Renta truleg opp

På landsbasis er nesten kvar fjerde person som blir registrert med inkassosak hos Lindorff, under 25 år. Talet har auka med nær 50 prosent sidan 2005. Totalt sett registrerte selskapet ein auke på 28 prosent frå 2008 til 2009.

- Vi er inne i ei tid med låg rente og høvesvis høg sysselsetting. Vi skulle helst sett at det låge rentenivået medverka til ein reduksjon i inkassogjelda, men slik er det altså ikkje. Og i tida framover vil renta mest truleg stige, og det kan påverke betalingsevna til folk, seier Skaaret.