Hopp til innhold

Sender frå seg avansert skip - håpar på nye store kontraktar

Med brask og bram vart eit av dei mest avanserte offshoreskipa i verda døypt i Florø i dag. No håpar skipsverftet på nye kontraktar som kan halde liv i arbeidsplassane.

I dag blei eit av dei mest avanserte offshoreskipa i verda døypt i Florø. Men når skipet "Deep Energy" legg frå kai ventar ingen nye, store kontrakter på skipsverftet. Likevel har leiinga og dei tilsette trua..

SJÅ TV-SAKA: Mange hadde møtt opp for å få med seg dåpen av gigantskipet Deep Energy som no er klar for arbeid i Nordsjøen. FOTO/REDIGERING: Heidi Lise Bakke.

Tradisjon tru vart skipet «Deep Energy» døypt med edle dråpar i føremiddag. Ei rekkje prominente personar hadde møtt opp for å få med seg hendinga, for det er eit heilt spesielt skip som no er klar for å leggje ut på havet.

«Deep Energy» skal kunne leggje røyr ned mot 3000 meters djupne, og er eit av dei mest avanserte servicefartya for oljenæringa i heile verda.

– Vi leverer frå oss eit fantastisk skip som vi har brukt mykje tid og krefter på, seier Gustav Johan Nydal som er direktør ved Westcon Yard Florø.

Har ingen nye store kontraktar

Då gigantskipet kom til Florø hausten 2001 brakte det med seg håp om ei ny framtid for skipsindustrien i kystbyen. Verftet kunne tilsette nye folk, og arbeidet som låg framover dei førte til glødande optimisme.

Men når Deep Energy no er overlevert til den franske eigaren Technip har ikkje verftet i Florø noko ny stor kontrakt å starte på.

Den siste tida har fleire store kontraktar gått til utanlandske verft. Verftsdirektøren fryktar likevel ikkje for framtida.

– Det er alltid urovekkjande når store kontraktar går utanlands, men dette var også ei kontrakt som opphavleg gjekk utanlands. Men så kom den tilbake til Norge for å bli ferdig her, seier Nydal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Deep Energy er klar for oppdrag

KLAR: Deep Energy er no klar for oppdrag i mellom anna Nordsjøen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ser likevel lyst på tida framover

Også styreleiar Arne Birkeland i Westcon Yard Florø er budd på å møte konkurransen frå utlandet.

– I Norge er innovasjonen og innovasjonstakta stadig høgare. Dei kjem stadig nærare, men det kan vi berre handtere med å jobbe hardare, seier han.

Uansett betyr ferdigstillinga av gigantskipet tv arbeidsstokken på verftet blir halvert frå vel 600 til 300 arbeidarar.

Men heller ikkje tillitsvald Audun Grønnevik ser mørkt på tida framover.

– Eg er ikkje uroa. Vi har vore borti dette mange gonger før, og eg veit at det blir jobba med ein del store kontraktar, seier Grønnevik.

Kake av Deep Energy

DÅP: På lik linje med andre dåpsbarn er det populært med kaker med bilete, slik var det også då Deep Energy vart døypt fredag.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK