Mannen blei sitjande fastklemd i over ein time etter at traktoren han sat i kvelva utfor ein skrent mellom Hennebygda og Blakset i Stryn måndag ettermiddag.
Krevjande
Litt før klokka 19 greidde redningsmannskap å klyppe mannen laus frå traktoren. Då hadde dei arbeidd med å få han laus i over ein time. Mannen blei send til Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Traktoren er totalvrak.
- Dette er ein av dei mest utfordrande oppdraga eg har vore med på, seier Kjetil Flo, vakthavande i Stryn brannvesen.
Bratt og ulendt
Politiet fekk melding om ulukka klokka 17.55.
- Det var særs bratt på ulukkesstaden. Frå bilvegen og ned der traktoren hamna var det over 300 meter. Vi måtte bere utstyret vårt, fortel Flo.
Ulukka løyste ut ein stor redningsaksjon. Politi, brannvesen, ambulanse og luftambulanse rykte ut. Også eit Sea King-redningshelikopter blei send til staden på grunn av det krevjande terrenget.