Hopp til innhold

Domstein med 30 millionar i minus

Domstein-konsernet har så langt i år gått 30 millionar kroner i driftsunderskot.

Rolf Domstein

Rolf Domstein har lagt fram nok eit negativt resultat for Domstein-konsernet.

Foto: NRK

Konsernsjef Rolf Domstein gjev høg rente og sterk krone skulda for underskotet for konsernet med fleire hundre tilsette.

- Når du driv eksport er du veldig sårbar for valuta. Styrkinga vi har hatt av den norske krona har slått negativt ut på inntektene våre og dermed også resultatet, seier han.

20 millionar i minus

Andre kvartal 2008 viser 20 millionar kroner i underskot. Domstein vil likevel ikkje svartmåle situasjonen og seier denne tida av året er lågsesong der dei alltid går med underskot. Han seier også at fusjonen mellom Domstein Enghav og Naustvik påverkar resultatet negativt, men at konsernet vil spare 25 millionar kroner på ein vellukka fusjon.

- Den resultatforbetringa er viktig for oss, seier han.

Spådde konkurs

Domstein har gått med underskot i fleire år og analytikarar meiner at verksemda kan vere i fare for å gå konkurs . På spørsmål om kor lenge dei kan gå med underskot, svarar Domstein følgjande:

- Totalt sett så har vi hatt ei positiv resultatutvikling i Domstein dei to siste åra når vi både tek med drifta og viktige strukturelle grep som vi har gjort, seier han.