Mannen må sone tre månader i fengsel, og i tillegg betale omlag 1,7 millionar koner i erstatning til bedrifta han tok pengane frå.
Den 49 år gamle mannen, som er frå Sogn, skal i ein periode mellom år 2000 og 2003 ha tileigna seg omlag 1,5 millionar frå bedrifta der han i denne perioden var tilsett. Pengane skal han i hovudsak ha henta ut frå arbeidsgjevaren sine kontoar.
Tilstod
Det var arbeidsgjevaren som oppdaga underslaget, og melde mannen til politiet i september 2003. Mannen har tilstått, og godtek dommen. Den dømde forklarte i retten underslaget med at han skulle skaffe til veie pengar for ein framand person, for såleis å sikre firmaet pengar på sikt.
Formildande omstende
Retten la ikkje vekt på denne forklaringa. På grunn av det store beløpet vert underslaget sett på som grovt, og har ei strafferamme på inntil seks år. Men retten meiner det er mildande at politiet har brukt svært lang tid på saka, og at mannen har samarbeidd fullt ut med både arbeidsgjevar og med politiet.