Laurdag den 26. juni i fjor var tre kameratar frå Sogndal på tur med motorsykkel. Bjørn Gunnar Ylvisåker var sist i rekkja då dei køyrde inn i den vel 24 kilometer lange tunnelen frå Lærdalssida om lag klokka 14. Då hadde 59-åringen frå Austlandet køyrt 400 kilometer frå heimstaden sin via Hol - Aurland. Han hadde tenkt seg til Jølster.
Hadde drukke sju halvlitarar
På turen hadde han kjøpt 12 halvliterboksar med øl. Sju av dei hadde han drukke då han hadde køyrt 23 av dei 24 kilometrane av Lærdalstunnelen og møtte dei tre motorsyklistane. Dei to første av dei var heldige. Det var ikkje 23 år gamle Bjørn Gunnar Ylvisåker. For mellom motorsykkel nummer to og tre skar bilen til 59-åringen over i feil køyrefelt, trefte støypekanten på venstre sida og var på veg mot høgre att då kollisjonen med motorsykkelen skjedde. Retten slo fast at motorsyklisten ikkje hadde sjanse til å unngå kollisjonen.
Promille på 2,47
Etter samanstøyten heldt 59-åringen fram i to kilometer med punktert venstre framhjul. Ved Tønjum stansa han og ringde politiet og fortalde at han trudde han hadde vore innblanda i eit uhell. Medan han stod der drakk han to boksar øl. Blodprøven som vart teken viste 2,47.
Tilbake i vegbana inne i tunnelen låg 23 år gamle Bjørn Gunnar Ylvisåker. Han var i live, men døydde seinare på dagen på Haukeland i Bergen.
I førre veke møtte 59-åringen i Sogn tingrett, som no har dømt han til fengsel i eitt år og tre månader for aktlaust drap. Det er i samsvar med påstanden frå aktor. I tillegg blir mannen frådømt førarkortet på livstid.