Hopp til innhold

Dødsulukke på E16

Ein mann i 20-åra frå Hallingdal er stadfesta omkomen etter ei trafikkulukke på E16 i Lærdal.

Føraren av denne varebilen omkom i samanstøyten med semitrailer på E16 i Lærdal.

Føraren av denne varebilen omkom i samanstøyten med semitrailer på E16 i Lærdal.

Foto: Arne Veum

Ein semitrailer og ein varebil støytte like før klokka 17 saman ved Saltkjelen på Ljøsne, mellom Lærdal og Borlaug. To personar var involverte i ulukka.

Ukjend årsak

- Eg kan stadfeste at føraren av varebilen er omkomen, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved operasjonssentralen i Florø.

Varebilen og semitraileren stod langt i frå kvarandre etter samanstøyten.

Varebilen og semitraileren stod langt i frå kvarandre etter samanstøyten.

Foto: Arne Veum

Varebilen skal i følgje politiet vere heimehøyrande på austlandet. Politiet stadfestar også at semitraileren er utanlandsk. Føraren av semitraileren er frakta til sjukehus på Voss for legesjekk.

- Det er for tidleg å seie noko om kva som har skjedd. Vi er på staden no og sikrar spor. Sjåføren av semitraileren er teken hand om av helsepersonell, seier Solvåg.

Trudde det var steinsprang

Trafikkulukke ved Saltkjelen i Lærdal.

Trafikkulukke ved Saltkjelen i Lærdal.

Foto: MMS- Øyvind Tronsen

Vegen er stengd medan politiet sikrar seg spor. Den danna seg lange køar på begge sider av ulukkesstaden. Eine køyrebana er opna og trafikken vert dirigert manuelt forbi ulukka. Havarikommisjonen er varsla om ulukka og på veg til Lærdal.

- Eg stod på vaskerommet då eg høyrde noko rabalder. Det går mykje steinsprang her, og det høyrdes ut som eit steinsprang. Difor tenkte eg ikkje noko meir over det, fortel ein av naboane til ulukkesstaden.

Bein strekke

Bilete frå ulukkesstaden.

Bilete frå ulukkesstaden.

Foto: MMS- Øyvind Tronsen

Først då han sette seg til middagsbordet skjønte han alvoret.

- Då såg vi blålys inne i vegen. Det er ikkje kjekt i det heile. Dette er ein veg som vi køyrer opp og ned på kvar einaste dag, seier han og ikkje vågar å spekulere i kva som er årsak til ulukka.

Kassebilen vart kasta 40-50 meter tilside for vegen i samanstøyten. Også vogntoget hamna på utsida av vegen. Det er 80-sone på staden. Ulukka skjedde på ei om lag 600 meter rett strekke.