Hopp til innhold

Djuvik beklagar: – Eg burde ikkje brukt ordet «hat» i innlegget

Frp-topp Frank Willy Djuvik beklagar bruken av ordet «hat» i blogginnlegget sitt i går.

Frank Willy Djuvik

FORSTÅR REAKSJONEN: Listetoppen til Sogn og Fjordane Framstegsparti, Frank Willy Djuvik, går no ut og beklagar ordbruken i bloggen sin tidlegare i dag.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Det vakte sterke reaksjonar då Frank Willy Djuvik, listetopp for Sogn og Fjordane Framstegparti, torsdag skreiv eit blogginnlegg med tittelen «Eg hatar Islam og muslimar».

No beklagar han bruken av ordet «hat» i innlegget.

Verkemiddel

– Eg kjem til å leggje inn ein ny bloggpost i morgon der eg kjem til å forklare og beklage at eg brukte det ordet, seier Djuvik til NRK.

Tidlegare i dag forklarte han at den sterke tittelen var eit verkemiddel for å få folk til å lese, og forstå innhaldet. Gjennom heile innlegget forklarar han kva han meiner med hat.

– Mi heile oppriktige meining med dette var å ansvarleggjere mennesket, og ikkje religion. Det er alltid mennesket som er ansvarleg for sine handlingar, seier Frp-politikaren.

Sterke reaksjonar

Dagfinn Høybråten

ALVORLEG: Tidlegare leiar og parlamentarisk leiar i KrF, Dagfinn Høybråten, var ein av dei som reagerte på blogginnlegget til Djuvik.

Foto: Andersen, Aleksander / Scanpix

Likevel var det mange som reagerte på innlegget. Tidlegare leiar og parlamentarisk leiar i KrF, Dagfinn Høybråten, er blant dei.

– Den er jo skriven for å provosere. Det som er alvorleg er at ein leiiande politikar i eit stort opposisjonsparti vel å bruke ordet hat mot ei heil gruppe menneske. Endå meir alvorleg er det at han ser ut til å meine, om eg forstår bloggen hans riktig, at religion generelt er eit onde, seier han.

Høybråten meiner at samstundes som Djuvik utnyttar ytringsfridomen sin, går han laus på ein annan viktig menneskerett, nemleg retten til å tru. Det synest han er svært alvorleg når det kjem frå eit slikt ansvarshald.

– Ein kan vere så mykje liberalist ein vil, men menneskerettane må respekterast, og eg håpar at dette blir sett grundig på plass av partileiinga i Framstegspartiet, seier den tidlegare KrF-leiaren.

– Må beklage

Per Arne Olsen (FrP)

MÅ BEKLAGE: Nestleiar i Frp, Per Arne Olsen, meiner Djuvik burde ha klart seg utan ei slik overskrift, men seier at han oppfattar ikkje Djuvik som ein hatefull person.

Foto: NRK

Nestleiar i FrP sentralt, Per Arne Olsen, gir klart uttrykk for at partiet ikkje deler hans syn.

– Vi synest det er leitt at han brukar uttrykk som hat, sjølv om han skriv at han ikkje meiner «hat» slik som dei fleste forstår ordet. Det er synd at ved å skulle adressere noko som viktig som til dømes kvinnehelse og kvinneundertrykking, at ein brukar ei overskrift som tek vekk alt fokus frå innhaldet, seier Olsen.

Han meiner det ikkje er noko anna å gjere enn å beklage overskrifta, og måten ytringane har komme fram på.

– Eg kjenner ikkje Djuvik som ein hatefull person, og nettopp difor burde han også ha klart seg utan den overskrifta, seier nestleiaren.

Det innser også Djuvik som beklagar ordlyden.

– Eg er lei for at dette kom fram i ein situasjon som gjorde at folk misoppfatta det. Og i den samanheng er eg einig med Per Arne Olsen at eg burde ikkje brukt det ordet der, seier han.