Hopp til innhold

Djupvik med femteplass i NM

Roger Aa Djupvik gjekk laurdag eit av sine beste løp denne sesongen, og gjekk inn til ein sterk femteplass på 50-kilometeren under NM på ski i Tromsø.

Roger Aa Djupvik

NØGD: Roger Aa Djupvik er veldig nøgd med femteplassen på femmila under NM på ski i Tromsø.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Med det slo han store namn som mellom anna Eldar Rønning og Petter Eliassen som begge fekk vere med på VM.

- Dette er det desidert beste resultatet mitt på ei femmil, og det var veldig kjekt at eg fekk det til i ein skøytekonkurranse, seier Djupvik til NRK.no etter rennet.

Det var Petter Northug jr som vann femmila, han kom i mål nesten to minutt før Djupvik.

Fleire høgdepunkt

30-åringen frå Hyen hadde som mål før sesongen å få bli med på VM på heimebane. Men sjukdom gjorde at NM vart heller mislukka, og VM-draumen brast.

Sesongen starta bra før jul, med mellom anna siger under 15-kilometeren i Skandinavisk cup i Savalen. Dette er blant konkurransane han sjølv trekk fram som ein av sine beste.

Etter å ha gått fleire verdscup-løp, fekk Djupvik også vere med på det norske laget under Tour de Ski.

- Det var ei stor oppleving for meg, seier Djupvik.

VM-draumen brast

Men etter Tour de Ski var skiløparen sjuk. Og det gjekk lang tid før han kom seg til hektene igjen.

Då NM stod for døra kjente han seg framleis ruskete, men sidan dette var hans einaste håp om å sikre seg ein plass på VM-laget gjekk han på med friskt mot.

- Eg måtte berre prøve, men eg skjønte nok innerst inne at forma var for dårleg, så då vart det ikkje noko VM på meg, seier Djupvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Roger Aa Djupvik

VIL HA MED SEG VM: Denne sesongen brast draumen om å få vere med på VM. Roger Aa Djupvik satsar no vidare og seier han framleis drøymer om deltaking på VM.

Foto: Rune Fossum / NRK

Satsar vidare

Men etter ein sterk konkurranse i dag, og minnet om fleire sterke prestasjonar tidleg i sesongen, så er glopparen klar på at han vil satse vidare. I alle fall eitt år til.

- Det var veldig godt å sjå at eg har kome meg til hektene igjen og klarar å prestere i dag. Eg er heilt sikker på at det blir skigåing også neste år, seier Djupvik.

Han har denne sesongen gått på Team Manpower, og seier det førebels er uklart korleis laget vil satse neste sesong.

- Eg vil gå meir på ski, men det kjem litt an på korleis opplegget vert rundt laget til neste sesong. Eg må få detaljane på plass, før eg bestemmer meg 100 prosent for om det blir satsing på høgt nivå, forklarar Djupvik.

Drøymer framleis om VM

Neste ski-VM går i Val di Fiemme i Italia i 2013. Sjølv om Djupvik ikkje vil seie om han satsar meir enn eitt år til, så vedgår han at det freistar med eit meisterskap.

- Eg er veldig gira på å få med meg eit VM før eg gir meg. Eg føler eg har vore nære fleire gonger, men ikkje nådd heilt fram. Men vi får sjå korleis ting går framover, seier Djupvik.

Junior med sterk plassering

Under sprintrennet for junior på ski-NM i Tromsø vart Mats Bjørnar Leirdal frå IL Bjørn i Luster, nummer to i klassen for gutar 17 år.

Gjøran Tefre frå Førde IL vart nummer sju i same klasse.