Hopp til innhold

Diplom-Is legg ned på Sandane

Diplom-Is har vedteke å legge ned avdelingane i Tromsø, Haugesund, Sandane og Notodden.

Det er fire av dei minste avdelingane i Diplom-Is familien som no forsvinn frå kartet. På vinterstid arbeider det fire tilsette på Sandane, medan tal tilsette er opp mot ti personar på sommarstid.

- Dersom Diplom-Is skal utvikle seg og vekse med lønnsemd, må vi redusere kostnadane våre, seier administrerande direktør Bjørn Moldskred.

- Blir pengar av det

Isleverandøren har sidan 2007 gjennomførd eit omfattande kostnadsreduksjonsprogram for å gjere organisasjonen meir robust og mindre kjenslevar for marknadssvingingar. Målet er meir effektiv produksjon, lågare kostnader knytt til logistikk- og distribusjon og lågare administrative kostnader.

- Vi kommenterer ikkje kva vi sparer, men det blir pengar av det, seier pressetalsmann Eirik Kruse hos Diplom-Is.

Vil ikkje merke

Kruse seier forbrukarane ikkje vil merke noko av omlegginga som skjer. På ettersommaren vil ein «crosstockingstasjon» etablerast truleg i Førde eller på Sandane. Dette blir ei service/teknisk avdeling med ein tilsett. Nedlegginga vil føre til ei betre utnytting distribusjonsapparatet.

- Det inneber at hovudlageret for området no blir delt mellom Bergen og Molde. Så vil vi pakke varene i til dømes Bergen og gå opp med bil på kveld/nattetid og pakke om til lokale distribusjonsbilar morgonen etter, seier Kruse.

Orientert i går

Dei tilsette fekk beskjeden måndag om at avdelinga deira går over i historiebøkene. Kruse seier dei no jobbar med å hjelpe dei tilsette over i nye jobbar. Det er førebels ikkje avgjort når dei fire avdelingane blir lagde ned.

- Det er ikkje hyggeleg å gje slike beskjedar og heller ikkje hyggeleg å få slike beskjedar. Det er ikkje klart kor mange som får bli med vidare, men nokre årsverk vil ikkje bli erstatta. No jobbar vi med å hjelpe dei tilsette, seier Kruse.

Ville kome uansett

Diplom-Is har leigd lokale på Sandane. Då bygget fekk nye eigarar, valde desse å seie opp kontrakten med isleverandøren. Dei ynskjer å utvikle området. Det var to år att av avtalen. Kruse seier det kan ha forskottert nedlegginga av Sandane.

- Resultatet hadde nok blitt det same, men det kan ha medverka til at dette kom raskare enn planlagt. Sandane hadde nok diverre dukka opp uansett, seier Kruse.