Hopp til innhold

«Berre flaks at ingen køyrde her då steinblokkene kom dundrande»

Desse digre steinane dundra ned på vegen langs Berlepollen i Bremanger. No ber innbyggjarane i Berle om at vegen vert vurdert av Vegvesenet.

Berle og Kristoffersen

STORE STEINAR: Desse steinblokkene ramla ned på vegen i Berlepollen. Anne Kristoffersen er ein av innbyggjarane som er uroa over rasstaden.

Foto: privat

– Fredag kom det eit ganske stort ras i Berlepollen. Det dett stadig vekk ned små steinar i dette området, men det som kom fredag var ganske store steinar, seier Anne Kristoffersen som er sekretær i Berle grendelag.

Dei store steinblokkene suste ned i asfalten og øydela ein god del av autovernet på staden også.

– Til alt hell var det ikkje bilar eller folk i vegen nett då, seier Kristoffersen.

Steinane var så store at det måtte maskiner til for å få rydda vegbana.

Er einaste vegen dei har

Folk i Berle er uroa over vegstubben der det støtt kjem ned stein. Dette er nemleg einaste vegen ut og inn av Berle, ein veg dei vel 100 fastbuande er heilt avhengige av.

– Her køyrer skulebussen, dei som skal på jobb, ja alle som skal ut eller inn av bygda, seier Kristoffersen.

Ho har vore ute i båt for å sjå nærare på området oppe i fjellsida der steinane losna.

– Du ser tydeleg kor det har losna, og rast nedover medan det har drege med seg meir stein og til slutt teke autovernet, før mykje av det har hamna i sjøen, seier Kristoffersen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras frå sjøsida

HØGT OPPE: Frå sjøsida ser ein tydeleg kor raset har losna.

Foto: Anne Kristoffersen

Trur det er mykje lause steinar

Sidan dette er ein stad der det ofte kjem ned steinar, er folk i Berle vane til å sjå seg ekstra godt for.

– Det er slik at vi ser opp i fjellsida når vi køyrer forbi, og lurer på om det er noko der. For det er mykje lause steinar oppi der, seier Kristoffersen.

Spesielt etter mykje nedbør, passar dei seg ekstra.

– Vi veit at då brukar det å losne. Eg skulle ønskje at det kunne bli gjort noko, seier Kristoffersen.

Grendelaget har teke kontakt med Statens vegvesen for å høyre om det er råd å få anten reinska i fjellsida, eller sikra vegen.

– Det håpar eg at dei gjer. Eg håpar dei ser på området og finn ut kva som må gjerast, seier Kristoffersen.

Skal vurdere staden

Hjå Statens vegvesen har dei registrert raset, men har førebels ikkje nådd å gjere meir konkret med saka.

– I utgangspunktet vert slike ras registrert og lagde inn i våre register. Så vurderer vi deretter saka. Vi må sjå på omfanget av dei rasa som har komme, og kor mange dei er, og så tek vi det derifrå, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Ann Kristin Nes.

– Betyr det at dersom omfanget er stort nok, så kan det vere snakk om å gjennomføre til dømes reinsking i området?

– Det må vi sjå på. Det kan vere mogleg, dersom det ligg mykje laust der, men det må vi sjå på, seier Nes.

Vegvesenet kjem til å sjå på saka så snart som råd.

– Det vil ikkje ta så lang tid. Vi må sjå på staden og vurdere det utifrå det, seier Nes.