Hopp til innhold

Difor ser husa i Refvik slik ut

Ser ein utover i bygda Refvik er der ikkje eit einaste hus som har vindauge på den søre veggen. I staden har dei ein heildekt betongvegg.

Ole Klaus Bugjerde ved huset sitt i Refvik

BETONGVEGG: Husa til Ole Klaus Bugjerde og dei andre i Refvik har betongvegg mot sør.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Sjå biletserie ►►►

Vêret kan vere skikkelig tøft på Refvik i Vågsøy, og med sørvest sterk storm kan det vere livsfarlig å ferdast her ute.

«Bygg husa etter forholda,» var oppmodinga frå den eldre generasjonen. Dei som bur der tok til seg dette rådet.

Vinden har øydelagt før

Fordi vinden er sterkast frå sør og sørvest, er det naturleg at veggane som er vende mot sørvest er av betong.

Ole Klaus Bugjerde (68) bur på Refvik, i familiehuset frå 1864. Han fortel at det er betongvegg mot sør fordi vatn og vind ikkje skal få trenge inn i husa.

Vêret kan vere skikkelig tøft her ute, med sørvest sterk storm kan det vere livsfarlig å ferdast her.

Ole Klaus Bugjerde

– Nyttårsorkanen i 1992 gjorde ein del skader på hus og driftsbygningar i bygda fordi lause ting kom fykande gjennom lufta. Men ellers er Refvik ein kjekk og triveleg stad å bu. Vi har ofte besøk av turistar og badegjestar om sommaren, seier Bugjerde som er fødd og oppvaksen på Refvik.

Kraftlaget har hatt episodar der vinden har teke servicebilen og kasta den rundt på sida når dei har vore her for å reparere kraftledningar i stor stormane. Rutebussen har også blitt teken av vinden og kasta utfor vegen og ned i ei ur.

(Artikkelen held fram under biletet)

Storm kvelva toalett i Refvik

KVELVA: Toalettet til campingplassen i Refvik vart teken av storm i 2008.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Dei unge kjem attende

Mange av dei gamle har gått bort, og fleire av husa er fråflytta og står tomme. Men fleire og fleire ungdommar og nye innflyttarar er komne til bygda. Nokre har bygd nye hus og andre har overteke dei fråflytta husa. Nokre av husa blir også brukte som feriebustader.

Eit av husa er kledd med skiferstein på veggen. Folk hadde lite midlar til å hjelpe seg med; betong og sement var dyrt, og difor vart det i staden brukt takstein til å kle sørveggen med.

Dette var skiferstein som var til overs då huset vart bygd. No er dette huset fråflytta og det blir kun brukt som feriebustad om sommaren.

Huset utan betongvegg

Husa i Refvik i Vågsøy

TREVEGG: Dette huset har ikkje betongvegg mot sør. Det merkar huseigaren.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Ein av naboane til Bugjerde følgte ikkje råda til gamlekarane. Han bygde nytt hus for 20 år sidan, men bygde det på sin eigen måte. Det har han fått merka på kroppen fleire gonger i ettertid.

Heile huset er bygd i tre, noko som gjer at målinga ikkje vil feste seg på kledningen. Treverket rotnar på grunn av det røffe klimaet.

– Når vinden blir kraftig flyttar huseigaren ned i kjellaren, for då står huset å ristar, seier Bugjerde.

Bygd i Shetlands-stil

Heilt ute ved Refviksanden bur Jakob og Rigmor Nybakk i eit noko spesielt hus; der er mesteparten av alle veggane kledde med noko som ser ut til å vere takheller. Huset er bygd etter Shetlands-stilen.

– Dette huset er bygd i 1934 og kledd med takstein av altaskifer for å verne huset mot vêr og vind. Veggane vart kledde med takstein, og huset har stått like fint sidan huset vart bygd. I orkanen i 1992 rista nokre av hellene laus, men det var berre å skru dei på plass igjen, seier Jakob Nybakk.

– Mange har stoppa og teke bilete av huset vårt, både utanlandske og norske turistar. Dei fleste spør kvifor huset er ser slik ut, seier Nybakk.

Jakob Nybakk utanfor huset ved Refviksanden

SHETLANDS-STIL: JAcob Nybakk utanfor huset sitt ved Refiksanden.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK