Professor Astrid Bergland ved Høgskolen i Oslo seier det er samfunnsøkonomisk nyttig at eldre held seg i form.
– Det at dei tek vare på kroppen er veldig viktig. Det kan betyr store innsparingar i forhold til omsorg og pleie. Eit brot etter fall er rekna til 300 000 kroner når ein reknar med opptreninga i etterkant.
- LES OGSÅ:
Viktig for eldre å trene
Dermed vil det å vere fysisk aktiv og dermed få ein sterkare kropp som tåler meir, spare samfunnet for store summar. Bergland legg også vekt på at samfunnet generelt får eit betre inntrykk av dei eldre.
– Dei kan også vere meir aktive samfunnsborgarar dersom helsa er bra.
Professoren seier at dei frå 80 år og oppover er ikkje så aktive som andre. Difor dreg ho fram ekteparet Sunneva og Sverre Løken som strålande døme på aktive eldre.
– Dei er gode rollemodellar for eldre menneske. Vi veit at fysisk aktivitet er viktigare for eldre enn for yngre menneske. Reservekapasitet avtek når vi blir eldre, og den har lite å gå på, har lite å miste.
(Artikkelen held fram under biletet)
Morgongymnastikk
Sunneva og Sverre Løken har vore aktive heile livet. Noko dei framleis er, sjølv om dei er 86 og snart 89 år gamle.
Den spreke kvinna driv med morgongymnastikk, turnar og syklar fleire gonger i veka.
– Eg har slitasjegikt, og har færre plager når eg trenar. Det å vere i bevegelse gir større livskvalitet, fortel ho.
Kallar det vedlikehald
Også mannen Sverre held kroppen i form ved å bevege seg kvar dag.
– Eg kallar det ikkje trening, men vedlikehald. Eg trenar på eit fysikalsk institutt to gonger i veka med andre «gamle, gretne gubbar». Alle er over 80 år og vi har det så kjekt i lag. Etter treninga, løyser vi verdsproblem i badstova, seier han og ler.
Professor Astrid Bergland seier fleire eldre bør gjere som ekteparet Løken.
– Dei som er fysisk aktive har betre funksjon i dagleglivet, betre humør og tru på eiga meistring. Dei lever også lengre enn andre, seier ho.