Hopp til innhold

Lukeparkerte i blomsterbed

Ein kan undre seg over kva sjåføren av denne bilen har tenkt då han parkerte her...

Parkering utanfor Kulatoppen omsorgssenter
Foto: Bjarne Eldevik

Utanfor omsorgssenteret Kulatoppen i Vågsøy i går, kunne forbipasserande observere ei heller merkeleg parkering.

- Ein kan berre lure på kvifor bilen står parkert slik, seier fotograf Bjarne Eldevik.

Kven har parkert slik?
Foto: Bjarne Eldevik

Han la merke til den noko alternative parkeringa i går, og trur bilen vart flytta kort tid etterpå. Sjølv har han ikkje sett likande parkering før, og teoriane kan jo vere mange om kva som har skjedd her.

Parkeringa kunne enda med krasj.
Foto: Bjarne Eldevik

Det som med god margin må kunne kallast ei feilparkering kunne enda med eit aldri så lite samanstøyt, men bilen har stansa akkurat i tide.

Dei tilsette NRK har snakka med ved omsorgssenteret veit ikkje kva som har skjedd, eller kven som har vore heller uheldig.

Men ein må kunne slå fast at vedkomande nok ikkje hadde bestått førarprøva...