Hopp til innhold

Dette kan løfte kunstinteressa

For dei siste åra har besøkstala ved kunstmusea i fylket gått nedover.

Perspektiv frå museumsplassen.

HÅPAR PÅ OPPSVING: Museumsdirektør Anniken Thue i Bergen trur eit nytt kunstmuseum i Førde kan gje interessa for kunst i fylket eit oppsving. Illustrasjon: Futurum

Foto: Illustrasjon: Futurum

Eit nytt kunstmuseum i Førde kan vere med på å vekkje kunstinteressa hos folk i Sogn og Fjordane.

Det trur direktør for kunstmuseene i Bergen, Anniken Thue

- Vi har tidlegare sett at slike storsatstingar i seg sjølv er så interessevekkjande, at folk kjem for å sjå kva som føregår der, seier ho.

Samanliknar med Operaen

Tysdag vart det klart at det nye kunstmuseet i Førde får 20,8 millionar kroner over statsbudsjettet. Med det kan bygget stå klart i 2011.

Les óg: Løyver 21 millionar til nytt museum.

Museumsdirektøren i Bergen håpar det nye kunstbygget blir viktig for folk i fylket. Ho er overtydd om at det vil vekkje ny interesse for kunst i regionen.

For dei siste åra har besøkstala for musea i Sogn og Fjordane hatt ei negativ utvikling.

Les óg: - Vel heller stranda enn museum.

- Tenk berre på kva Operaen i Oslo har betydd for interessa for arkitektur og opera. Eg trur dei tusen som såg utstillinga til Oddleiv Apneseth også kjem og ser på dette nybygget, seier Thue.

- Må spele på nysgjerrigheit

- Men kor lenge kan dei leve på interesse for eit nybygg?

- Nysgjerrigheit er berre den første fasen. Så blir spørsmålet kva ein fyller museet med. Mi bøn til politikarane er at dei gir skikkeleg driftstilskot, som gjer at innhaldet kan leve opp til det flotte bygget, seier museumsdirektøren.

- Kva må det romme for å bli attraktivt?

- Ein må gje ei totaloppleving. På eit museum skal du vite at du får god kaffi, eit godt måltid, interessante tilbod og kunstoppleving. Vi må venne folk til at dette er staden å vere, seier Thue.