Hopp til innhold

Designar miljøvenlege skip for USA

Wärtsilä Ship Design på Fitjar er blant dei som står bak det som skal bli to av verdas første konteinarskip med naturgass som drivstoff.

wärtsilä

NATURGASS: Designen som er kjøpt opp av eit amerikanske reiarlag skal bli dei to første skipa i verda som går på naturgass. Skipa skal byggjast i USA og vere klare i 2017.

Foto: Wärtsilä

Skipsutstyrsbedrifta Wärtsilä har inngått ein kontrakt på design av to «ConRo» konteinarskip med den amerikanske eigaren Crowley Maritime Corportation, og skipa vil vere dei blant første av denne typen i verda med naturgass som drivstoff.

Skipa er designa av Wärtsilä Shipdesign på Fitjar og i Polen. Liknande prosjekt er på gang andre stader også, men det er usikkert kva skip som vert ferdig først.

Håpar på fleire skip

Administrerande direktør ved Wärtsilä Ship Design på Fitjar, Ove Wilhelmsen, synest det er stort å få vere med å prege den amerikanske skipsmarknaden.

– For Fitjar betyr det at vi er med på å designe konteinarskip, som er ein interessant marknad. Det er avanserte skip som også har eit stort volum på den globale marknaden, og det ser ut til at den har eit vekstområde på den amerikanske marknaden som desse skipa skal operere på. Det er vi glade for å vere med på starten av, seier han.

wartsila skip

TIL USA: Slik vert dei to miljøvenlege skipa sjåande ut.

Foto: Wärtsilä

Dei to skipa skal byggjast ved VT Halter Marine skipsverft i Pascagoula i Mississippi i USA.

– Håpet er at dette skal bli ein serie med båtar, både for dette reiarlaget og at det også passar for andre reiarlag på den amerikanske marknaden, seier Wilhelmsen.

Stadig meir opptekne av miljø

Skipa, som skal vere ferdige i 2017 er tilpassa den amerikanske marknaden, men ifølgje Wilhelmsen er dette generelle skip som også kan brukast globalt. Han meiner det er stort potensial i desse skipa, og seier at miljø blir ein stadig viktigare faktor i skipsbransjen.

– Det er veldig viktig. Norge og SECA-området har vore eit føregangsland på dette med miljø og no ser vi Amerika kjem fort etter og er interessert i få med seg dei miljøvenlege aspekta som vi har på skipa som er designa i Norge. Så det er eit viktig område for oss, seier han.