Hopp til innhold

Deppar ikkje over terningkast 2

Sognajenta Tone Damli Aaberge er ute med ny singel som handlar om kjærleiken - «I love you».

Aksel Hennie og Tone Damli Aaberge

Tone Damli Aaberge saman med kjærasten Aksel Hennie.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Den kom ut i går, og er første smakebit frå den nye plata som kjem.

– Manglar varme

Og når nye songar kjem ut, er anmeldarane på plass. Først ute er dagbladet.no som ikkje har sansen: Ho hyller kjærleiken, men det skortar på personleigheit og varme, meiner deira anmeldar som gir singelen ein toar på terningen.

– Det tenderer mot svulstig P4-pop, meir enn den lune humørspreiaren vi møtte på førre plate. Låten er ein litt kantete sak som manglar forløsying og temperatur.

Damli Aaberge har tidlegare gjeve ut albuma «Bliss», «Sweet Fever» og «I know». Ho vart kjent for heile Norge då ho var med i TV-progamma «Idol» og «Skal vi danse».

– Eg er nøgd med låta

Men songaren sjølv deppar ikkje over terningkast 2 frå Dagbladet.

– Eg skulle helst ønskje at ein slapp desse anmeldelsane, men slik er det no ein gong. Eg er veldig nøgd med låta og det er det viktigaste, skriv ho på bloggen sin.

Ho skriv at den dagen Dagbladet gir ho noko bra skal ho hoppe i veret.