Hopp til innhold

Denne ørna bur i fjøsen hans

Etter at havørna vart fanga i ei ulovleg revefelle ved Førdefjorden har den fått rehabiliteringsplass i fjøsen til Rein-Arne Golf i Naturoppsynet.

Rein-Arne Golf rehabiliterar havørn

PÅ BETRINGAS VEG: Rein-Arne Golf i Naturoppsynet har teke godt vare på havørna etter at den hamna i ei revefelle.

Foto: Rein-Arne Golf/Arve Uglum / SNO-Aurland/NRK

Søndag vart ørna funnen då ho sat fast i ei revefelle. Like etter vart ho send inn til Førde veterinærkontor, der ho vart undersøkt og teken røntgen av. Til alt hell var det ikkje snakk om beinbrot, og dermed var det større sjanse for at ørna kunne klare seg.

Etter veterinærbesøket tok Rein-Arne Golf i Naturoppsynet, ørna med seg heim til Lærdal, og fjøset har blitt det mellombelse reiret.

Kjem seg sakte, men sikkert

– Vi var veldig spente på kor store skader ho hadde fått. I Førde vart ho teken inn hos ein veterinær og vart teken røntgen av. Då vart det konstatert at ho ikkje hadde beinbrot, og då er det ein viss moglegheit for at vi klarar å rehabilitere den, seier Golf.

– No har vi hatt ho i forvaring i eit par dagar for å sjå korleis det går. I byrjinga hadde ho problem med å bevege klørne sine, noko ho er heilt avhengig av for å fange maten ho et, og å halde den og rive den opp. No går det betre, fortel han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Havørn

ØRNHILD ELLER ØRNULF: Rein-Arne Golf seier dei er usikre på om havørna er ei ho eller ein han, men trur det er ei ho.

Foto: Rein-Arne Golf / SNO-Aurland

Ulovleg felle

Ifølgje Golf var revefella sett ut med mål om fange fugl. Det meiner han er uakseptabelt.

– Det vart totalforbod mot den typen revefeller i fjor, og det har også vore spesielle reglar på korleis ein kan bruke dei. Dette var nok ei felle som var sett ut for å fange fugl. Den var sett ut i terrenget, dekt med mose og med eit lammehovud oppi, og sett på ein plass slik at det verkar som det var fugl som var fangstmålet. Dette er ein ukultur, og eg hadde forventa at det var slutt på det no, seier han.

Skal setjast fri

Fredag ettermiddag skal ørna setjast fri ved Hellevang på kommunegrensa mellom Førde og Askvoll.

Først skal fugleekspert Alv Ottar Folkestad ringmerke ørna slik at dei kan følgje med ho, og hente ho att dersom den ikkje skulle klare seg. Saman med veterinær ved Førde veterinærkontor, Terje Negard skal det også gjerast ei kort vurdering av havørna.

Havørn

SVAK: Ørna har hatt store problem med å få i seg mat, men no ser det ut til å gå betre.

Foto: Rein-Arne Golf / SNO-Aurland