Hopp til innhold

No er brua over Noregs best besøkte naturattraksjon på plass

Ei spektakulær ny gangbru skal trekkja enda fleire turistar til Vøringsfossen i Hardanger. Reiselivet jublar. – Eit overgrep, tordnar SVs Arne Nævra.

Del for del, 50 meter over juvet der Vøringsfossen renn, har Statens vegvesen montert den 38,5 millionar kroner dyre gangbrua, som har offisiell opning 21. august. Det gler det lokale næringslivet seg til.

– Det er heilt fantastisk. Brua er fin og kjem til å trekkja mange til Eidfjord, Hardanger, Vestlandet og Noreg, seier Marit Stadheim, dagleg leiar i Visit Eidfjord.

Den 182 meter høge fossen har lenge vore kjend som ein av dei mest imponerande fossane i Hardanger, og var den best besøkte naturattraksjonen i Noreg i 2018.

Trappebrua

Sjå fleire bilete av byggjinga av brua.

Foto: Harald Christian Eiken / Harald Christian Eiken

– Gir heilskap

Brua er steg to av tre i utbygginga rundt Vøringsfossen, som har vore i gang sidan 2015. I 2017 blei utkikkspunkta over fossen opna. Utkikkspunkta skulle sikra attraksjonen. Fleire har omkomme ved fossen dei siste åra.

– No kan me senda folk opp dit med godt samvit, seier Stadheim.

Dessutan meiner ho at brua bind saman heile området rundt fossen.

– Når du kan gå frå Fossatromma, over brua og opp til Fossli, får du ei heilt anna og mykje betre oppleving, seier Stadheim.

I 2019 besøkte om lag 300.000 turistar fossen. Mellom 2016 og 2019 auka talet på besøkande med 200.000 i Fossatromma, den nedste delen av attraksjonen.

Også på Fossli, over fossen, har tala auka mykje. Statens vegvesen forventar at endå fleire vil koma etter opprustinga.

Vøringsfossen.

FØR: Slik såg juvet over fossen ut før gangbrua kom på plass.

Foto: Jeblad / Creative commons 3.0

– Eit overgrep mot naturen

Byggjeprosjektet øvst i Måbødalen fell ikkje i god jord hjå alle.

– Eg synest det er trist å sjå. Eg meiner framleis det er eit overgrep mot naturen.

Det seier stortingsrepresentant Arne Nævra (SV). Han har kjempa mot brua.

Han synest ikkje bileta av brua i røynda er finare enn teikningane av planane.

– Eg får rett og slett vondt av å sjå korleis det har blitt. Bileta understrekar og bekreftar uroa mi, seier han.

Han er einig i at sikringa av attraksjonen har vore bra, men meiner det kunne vore gjort ved å leggja til rette for utkikk på eine sida av fossen. Han trur brua vil vera ein kommersiell suksess, men er uroa for naturen på sikt.

– Fleire vil oppleva urørt natur. Når det blir mindre av det, øydelegg det litt av imaget til Noreg, seier Nævra.

Kallar brua ei «gåvepakke»

Det er Marit Stadheim ueinig i.

– Ein kan sjølv velja om ein vil reisa ein stad som er tilrettelagt, eller om ein vil gå i vekevis i urørt natur, slik ein kan på Hardangervidda. Så lenge ein har det valet, må me ta i mot denne gåvepakken som kjem til å trekkja mange gjester, seier ho.

Arne Nævra

UROA: Stortingsrepresentant Arne Nævra (SV) har lenge vore uroa for byggjeprosjektet.

Foto: Julie Maske / DNT