Delt svar frå Hyllestad

33 prosent av innbyggjarane i Hyllestad har stemt mot kommunesamanslåing. Resten er på eit eller anna vis for samanslåing med andre, der alternativet med ein større kommune saman med Askvoll, Fjaler og Solund (HAFS) har fått 26,9 prosent av stemmene. Alternativa med samanslåing med Førde, Flora, Jølster, Gaular, Naustdal, Askvoll, Fjaler og Solund har fått 14 prosent av stemmene, medan alternativet med den såkalla Sognefjord kommune, saman med Balestrand og Høyanger har fått 25,3 prosent.