Hopp til innhold

Deler ut 150.000 til musikarar

Sogn og Fjordane Musikkfond (SOMU) har delt ut sine første kroner. 12 artistar og prosjekt får til saman 150.000 kroner.

Brak gitar

SOMU vart etablert av musikkorganisasjonen Brak i år. Dette er den første stønadsordninga for musikk i Sogn og Fjordane. Pengane får dei frå Sparebankstiftinga.

Jarle Kvåle

NØGD JURYFORMANN: Jarle Kvåle.

Foto: Pressefoto

Det kom inn søknader om til saman 700.000 kroner, og ein jury har vurdert søknadene. Juryformann Jarle Kvåle, kjend som bassist i Vreid, seier dei hadde ei vanskeleg oppgåve.

– Det var veldig mange gode søknader med spennande prosjekt, og vi skulle gjerne ha støtta fleire. Uansett er vi godt nøgde med å kunne støtte så mange i første tildelinga vår.

Håpar på auka aktivitet

Han håpar tildelinga vil føre til auka aktivitet i musikklivet i Sogn og Fjordane.

– Det er utruleg bra at vi har fått Brak og dette fondet på bana. Det er med på å belyse og kartlegge all den aktiviteten som er i fylket vårt. Vi treng definitivt eit løft i satsinga både på musikarar og arrangørar, og eg håpar at denne tildelinga vil stimulere til framgang for aktørane som har fått stønad.

Dei to andre i juryen er Laila Beathe Førde og Per Mygland.

Her er dei som har fått pengar:

Turnéstønad: Mistur (25.000 kr) og Kari Malmanger (15.000 kr).

Stønad til innspeling/distribusjon: Cage of Torment (10.000 kr), Sva Marga (10.000 kr), Bufaste Tonar (10.000 kr), Nifrost (15.000 kr), Lena Skjerdal (10.000 kr) og Lillian Samdal (15.000 kr).

Stønad til demo: Ungrateful: (5000 kr).

Stønad til konsert: Åmot Operagard (10.000 kr).

Stønad til konsertserie: Gloppen Scene (15.000 kr) og Potetkjedlaren (10.000 kr).