Hopp til innhold

Mista to hjul - traff bil i fart

Vogntog mista to hjul i fart og traff ein motgåande personbil.

Hjul traff bil i fart

TREFT: Vogntoget mista to hjul i fart. Det eine traff ein Volvo personbil.

Foto: Arve Uglum / NRK

Arve Uglum

VITNE: NRK-reporter Arve Uglum.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Ein personbil vart i ettermiddag treft av eit hjul frå ein lastebil på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden i Jølster.

Både førar og passasjer i Volvoen slapp med skrekken.

Dramatiske sekund

Men det vart nokre dramatiske sekund då vogntoget som kom imot mista to av hjula. Det eine traff fronten på personbilen.

NRK-reporter Arve Uglum køyrde rett bak personbilen og var vitne til dramatikken. Han måtte sjølv svinge unna det eine hjulet som kom trillande.

Det var ikkje så dramatisk for meg, men han som køyrde framfor meg har nok fått seg eit minne for livet.

NRK-reporter Arve Uglum

– Vi fekk oss ei overrasking

Uglum køyrde rett bak Volvoen, og var på veg frå Førde til Sogndal då hjula losna.

– Vi var på veg ut av ein tunnel og vogntoget kom rundt ein sving. Plutseleg kom det noko rullande imot oss. Kva i all verden er dette, tenkte eg. Så såg eg at det taff bilen framfor me, seier Uglum.

Det eine hjulet rulla utfor vegen, men det andre traff Volvoen i sida før det kom mot bilen til Uglum. Då hadde det mista farta, men han måtte likevel svinge unna.

– Vi fekk oss ei overrasking. Han som køyrde framfor meg såg veldig rysta ut då han komme ut av bilen. Han hadde ikkje sjans til å komme seg unna, seier Uglum.

Bil treft av lastebilhjul

INGEN SKADDE: Ingen vart skadde i samanstøyten med lastebilhjulet.

Foto: Arve Uglum / NRK