Hopp til innhold

Debuterte i verdscupsirkuset

Berre få timar før start, fekk Johannes Thingnes Bø beskjed om at han skulle gå 2. etappe på verdscupstafetten i skiskyting i Anterselva. Bø junior pådrog seg strafferunde, og dei norske herrane blei til slutt nummer 10.

Johannes Thingnes Bø
Foto: Oddleif Løset / NRK

Skiskytaren frå Markane har aldri vore med i verdscupsirkuset før i dag. Til vanleg er det storebror Tarjei, som kjempar om norske medaljar, men få timar før start fekk Bø-junior beskjed om at det i dag var hans tur.

19-åringen frå Markane fekk ikkje det enklaste utgangspunktet før han gjekk ut på 2. etappe, 1.15 bak teten. Skiskyttaren kom seg greitt gjennom den liggande skytinga, men på ståande skyting kom nervane. Thingnes Bø måtte til slutt ut i strafferunde, etter å ha bomma på alle ekstraskota.

Thingnes Bø var tre minutt bak teten då han sende Henrik L'abee-Lund ut på tredje etappe. Dei norske herrane hadde ingen god dag i Anterselva og vart til slutt nummer 10. Frankrike vann stafetten, med Russland og Austerrike på dei neste etappane.