Hopp til innhold

Dårleg vêr hindrar helikopter

Redningshelikopteret er ikkje betre stilt enn ambulansehelikopteret.

(Arkivbilde, NRK)
Foto: NRK

Redningshelikopteret i Florø er ikkje betre stilt enn ambulansehelikopteret når det går mellom fjordar og fjell, seier sjef for redningshelikopterbasen i Florø, Erland Karlsen.

- Over land så har ikkje vi betre kapasitet enn luftambulansen her i fylket, så der stiller vi likt.

- Det som gjer det vanskeleg med flyging i fjordane her i fylket, er at det er mykje kraftslinepenn som er den største faren for eit helikopter generelt. Mange stadar er også fjordane smale, det gjer det vanskeleg å navigere og gjere ein retrett.

Kansellerer mange oppdrag

Helse Førde meiner redningshelikopteret skal vere ei viktig brikke i beredskapen dersom lokalsjukehusa i Nordfjord og Sogn mistar akuttfunksjonane sine. Til vanleg nyttar helseføretaket ambulansehelikopteret som er stasjonert i Førde, men dette må kvart år kansellere mellom 100 og 150 oppdrag på grunn av dårleg vêr.

Redningshelikopteret i Florø har radar og nattsyn og kan fyke i tilnærma null sikt over open sjø. Men i innlandet vil heller ikkje dette kunne ta oppdrag i dårleg vêr, seier basesjefen.

Takkar lokalsjukehuset
Bjørnar Gangsøy

Bjørnar Gangsøy

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Bjørnar Gangsøy og kona Margrethe frå Måløy, har sjølv opplevd at det hastar å kome seg til sjukehus. For tre år sidan fekk dei ein son seks veker for tidleg. På grunn av dårleg vêr kunne ikkje helikopteret lande i Måløy, og løysinga vart lokalsjukehuset på Nordfjordeid.

Gangsøy fortel om dramatiske minutt.

– Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg kva som hadde skjedd viss det ikkje var lokalsjukehus på Eid, seier han.

Kun eit kvarter etter at dei kom fram til sjukehuset, vart sonen fødd ved hjelp av hastekeisersnitt. Sjølv om alt gjekk bra med mor og barn, er 27-åringen uroa over tryggleiken dersom akuttilbodet ved lokalsjukehuset forsvinn.

Dramatikk også denne gongen

Også no har Gangsøy opplevd at det hastar å kome til sjukehus. Dei fekk ein gut på søndag, nesten to månader for tidleg.

Men alt i starten av veka merka dei at noko var på gong. Det er store sjukehus som skal ta seg av slike fødslar og veret i Måløy var fint, men over Førde var det ikkje flygever og E39 var stengt på grunn av rasfare i Våtedalen.

Løysinga vart redningshelikopter til Ålesund, men Gangsøy spør seg om kva som ville skjedd om veret også denne gongen var dårleg i Måløy.

- Vi trudde jo at redningshelikopteret kunne lande i all slags vær, men det stemmer jo ikkje. Det tykkjer eg er verdt å tenke over.

Alt står bra til med både mor og den vesle guten sjølv om starten på livet kom vel tidleg.

40 oppdrag

Basesjef Erland Karlsen vil ikkje ha noko meining om sjukehustriden i fylket. Han seier at redningshelikopteret i Florø sidan starten i haust har hatt 40 ambulanseoppdrag stort sett i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Berre 3 er kansellerte på grunn av ver.

Ein del av oppdraga er transportar der ambulansebil har køyrt svært sjuke pasientar frå Sentralsjukehuset til Bergen og Haukeland. Årsaka er at det ikkje har vore flygever i Førde.

Må ha sikt for å lande

Basesjefen seier at helikopteret i uver som regel finn vegen langs kysten, men at dei også må ha sikt til å finne ein landingsplass på stader som Måløy.

- Det er bygene det kjem an på. Vi har moglegheit til å flyge inn via radar og gjere eit landfall. Då kan vi klare oss med relativt kort sikt. Men det er klart vi er avhengige av å sjå bakken når vi går inn for å lande.

- Hårreisande av ministeren.

Bjørnar Gangsøy er uroa for tryggleiken om akuttilbodet forsvinn. Han meiner det er hårreisande Anne-Grete Strøm-Erichsen sender positive signal om at Helse Førde kan legge ned i Nordfjord og i Sogn.

- Eg synest det er skremmande at ho kan seie slikt, kva ho meiner med at dette er framtidsretta veit ikkje eg.