Etter tjue år med feilbehandling av pasientar både i Norge, Sverige og Danmark, har tilsynsmyndigheitene i Danmark fått nok, skriv danske DK Nyheter
Legen har tidlegare praktisert i blant anna Jølster kommune og fekk sparken for å behandle ryggsmerter ved å massere pasienten i endetarmen. Fleire slike tilfelle gav han etter kvart kallenamnet anal-legen. Legen har vore involvert i liknande saker fleire stader i landet.
Masserte endetarmar
57-åringen har skifta namn fleire gonger, og heldt fram å drive som lege på nye stader over heile Skandinavia. Samstundes har det stadig dukka opp nye historier om den omstridde legen.
Mannen seier at han utførte massasje i endetarmen for å fjerne ryggsmerter, men at han ikkje driv med det lenger fordi det er smertefullt.
– Men det var utruleg mange pasientar som fekk det betre. Dei høyrer ein ikkje om, seier han til DR.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Det har likevel ikkje blitt godt teke imot, og enkelte av historiene har vore svært grove. Ei 72 år gamal kvinne fortalde dette etter ei behandling i Sverige, skriv Ekstrabladet:
– Det verste av det heile var at eg kjende meg så krenka av han. Han spurte om eg hadde kjæraste, og om eg var lesbisk. Og då eg sa at eg var i ferd med å døy av smerte, svarte han berre at eg då ville døy lukkeleg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Framleis autorisasjon i Norge
DR Nyheder skriv at legen framleis har autorisasjon i Sverige og Norge. I begge landa har han fått fleire åtvaringar. Til DR seier han at no arbeider på ein klinikk i Sverige, men at han ventar på å få autorisasjon i Tyskland.
- LES OGSÅ:
Han har også drive feilbehandling av pasientar fleire gonger. Ved siste tilfelle, i Danmark, etter ei innsprøyting i brystet som stakk hol opp eine lunga.