Hopp til innhold

Då naturkreftene herja samla bygdefolket seg til teneste

VASSENDEN (NRK): – Fokuset vårt var at alle evakuerte og stranda turistar skulle ha det så godt som råd, fortel Else Drageset.

Else Drageset (t.v.) var mellom mange frivillige under naturkatastrofen i Jølster.

FRIVILLIGE: – Tida utan straum var det mest krevjande desse dagane, men vi på kjøkkenet har fokusert på at dei evakuerte skulle få det dei trengde, seier Else Drageset (t.v.).

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Drageset var nett komen heim frå Førde då naturkreftene byrja herjinga tysdag ettermiddag. Sidan har ho vore blant mange frivillige som har stilt opp for dei råka.

– Det har vore kaotisk og travelt, men vi har hatt samhald. Bygdefolket, menn som kvinner og i alle aldrar, har kome av seg sjølve og spurt kva dei kan hjelpe til med, seier ho.

Stor oppslutnad

Lokale stilte med båtar og hjelpte til med å evakuere folk frå hus og bilar, medan samlingshuset Gjesthalla vart rigga til evakueringssenter.

Entreprenørar har stilt med maskiner og butikkane opna dørene. Etter kvart kom også mat i båtar frå Skei.

Kom frå Skei til Vassenden med mat

MAT: Bebuarane ved eldrebustadane på Vassenden fekk maten transportert frå Skei med båt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Fleire av dei nær 200 evakuerte fekk husrom hos familie og kjende. Lokale stilte med pute, underlag, teppe og klede til dei som overnatta på skulen.

Stryn og Eid Røde Kors Hjelpekorps kom med redningsbåtar.

– På kjøkkenet gjorde vi så godt vi kunne utan straum. Vi laga til skiver med pålegg, serverte saft og kokte kaffi på primus. Etter kvart fekk vi aggregat så vi fekk både lys og straum i kaffitraktaren, seier Drageset og held fram:

– Eg har ikkje oversikt over kor mange som har fått mat, men det er langt fleire enn dei 150 som overnatta på skulen. Det var til tider fullt.

– Var til tider fullt

Utan straum og mobildekning, vart det eit utfordrande første døgn under naturkatastrofen som råka kommunen med litt over 3.000 innbyggjarar.

Gjesthalla var evakueringssenter under naturkatastrofen i Jølster.

FULLT: Nær 200 personar vart registrerte ved evakueringssenteret som vart rigga til i Gjesthalla.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Fleire stader i nedre delar av kommunen fløymde elvane over og tok med seg store mengder jord og tre. Situasjonen var kaotisk og uoversiktleg.

– Du kjenner deg hjelpelaus utan telefon og kontakt med omverda, seier Drageset.

Jobba på spreng for å opne vegen

Anleggsleiar i Mesta, Svein Jarle Vigdal er blant dei som har jobba nærmast døgnet rundt for å få opna vegen på Vassenden.

– Det har gått unna og det har vore ein kjempegod innsats av alle, seier Vigdal.

Svein Jarle Vigdal

JOBBAR PÅ SPRENG: Det blir lite pauser for Svein Jarle Vigdal og dei andre som jobbar for å reparere vegen.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Han hadde ferie då det braka laus, men stilte opp med gravemaskina. Det har vore opptil tre gravemaskiner og fleire traktorar i sving.

– Arbeidet krev dyktige sjåførar og god erfaring. Vi har god hjelp, fortel Vigdal.

Han seier det er ein grei jobb å starte på når det berre er materielle skadar.

– Mange takka

Onsdag kveld fekk innbyggjarane flytte tilbake i husa sine, medan mange gjennomreisande kunne halde fram turen gjennom kommunen.

Torsdag byrja dei frivillige arbeidet med å rydde evakueringssenteret og skulen.

– Vi har fått så mykje takk. I går kom det folk med tårer i augo og gav oss klem på kjøkkenet. Dei seier at dei har hatt det så godt, og ikkje mangla noko. Så gode tilbakemeldingar viser at vi har gjort ein god jobb, seier Drageset.

– Kva no?

– No må vi få rydda, men nokre leitar framleis og vil trenge mat. Så vi vil lage til mat til dei også.

Statsministeren roser dei frivillige

Då statsminister Erna Solberg var på besøk i Førde torsdag ettermiddag vart ho orientert om arbeidet i etterkant av rasa i Sogn og Fjordane tysdag.

Statsminister Erna Solberg i Førde, 010819

NOREG PÅ SITT BESTE: Statsminister Erna Solberg roser alle som bidreg i arbeidet etter raskatastrofene.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

– Dette viser Noreg på sitt beste, at vi stiller opp for kvarande, seier Solberg.

Grunna at dei ikkje skal stå i vegen for arbeidet som blir gjort vil ho ikkje besøke rasområda i Jølster sjølv, men lovar å halde tett kontakt med kommunen.