Den siste veka har SND og bankane garantert for betaling av metalleveransane frå Hydro. Det var ein mellombels utveg for å unngå konkurs medan dei arabiske eigarane skulle få vurdere ei skisse til endeleg løysing, som kommunen la fram. Tilbodet går ut på at arabarane må gje frå seg ein tredjedel av aksjane i bedrifta.
Til NRK Sogn og Fjordane seier arabarane at dei håpar å ha ei løysing klar i løpet av veka. Men alt i løpet av dagen kan altså produksjonen stoppe opp ved den kriseråka bedrifta med 380 tilsette. Direktør Arvid Ullebø ventar ei avklaring i dag.
Og om det ikkje kjem positive signal frå eigarane, er det uaktuelt frå kommunen si side å spytte inn pengar for å vinne meir tid.