Hopp til innhold

Byggjer fryselager til 65 mill.

Måløy blir no hovudstad for sild og makrell. Norway Pelagic skal investere 65 millionar kroner i nytt fryselager på Trollebø.

Domstein Trollebø

NYBYGG: Det nye fryselageret skal reisast her på Trollebø.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Endå meir sild og makrell skal no takast imot og frysast ned i Måløy. Verdas største selskap innan sild og makrell skal nemleg investere 65 millionar kroner i eit nytt fryselager.

Norway Pelagic sitt nybygg har ein lagringskapasitet på 20.000 tonn og skal ligge på industriområdet Trollebø i Vågsøy, der selskapet også har mottak.

Færre og større anlegg

Gunnar Domstein

Direktør Gunnar Domstein

Foto: NRK

Kvotane på særleg sild og lodde kjem til å bli reduserte i åra som kjem, medan makrellstammen held seg stabil.

Mindre tilgong på fisk fører dermed til at det blir færre og større anlegg lang kysten.

- Ja, det seier seg sjølv at det er for mange og for små anlegg i dag. Kvar det skal leggast ned anlegg og kor mange som blir vekke blir bestemt etter kvart. Det seier administrerande direktør, Gunnar Domstein.

Hordaland taparen

Norway Pelagic eig i alt 11 av totalt 40 fiskemottak langs kysten.

No forsinn 30 arbeidsplassar i Bergen, 20 av desse er sesongarbeidarar. Anlegget blir stengt til sommaren og dei tilsette vil få tilbod om jobb ved andre anlegg.

Samtidig som det no forsvinn arbeidsplassar i Bergen, vil arbeidarane i Måløy gå ei tryggare framtid i møte.

Gunnar Domstein kan ikkje svare på om dei kjem til å tilsette meir folk i Måløy, men han garanterer at det blir meir jobb til dei allereie arbeider der.