Hopp til innhold

Bygd var innesperra av jordras

Store delar av Fjærland var i morgontimane måndag innesperra av eit jord- og gjørmeras.

Ras ved Urabukti i Fjærland

SPERRAR VEGEN: Jord og gjørme i tillegg til nokre tre sperrar måndag morgon vegen mellom Fjærland og Mundal.

Foto: Sverre Tufte Mundal

Vegtrafikksentralen fekk melding om raset klokka 04.12 natt til måndag.

– Det var ein bilist som kom til staden som melde frå, seier vakthavande Idar Sangolt ved Vegtrafikksentralen i Bergen til NRK.no i 05.15-tida.

SISTE: Klokka 08.25 opplyser Vegtrafikksentralen at vegen er rydda og opna.

Blir rydda når det lysnar

Jord og gjørmemassane som har kome ned i vegen skal mellom anna ha drege med seg eit tre, og heile vegen er sperra. Raset skal ha gått i området ved Urabukti, mellom krysset til riksveg 5 og Mundal.

– Det vil seie at dei som bur innanfor er innesperra, seier Sangolt.

Entreprenøren er på staden for å halde vakt, men det vil ikkje bli sett i gang med ryddearbeid før det lysnar får NRK opplyst i 05.30-tida.

Etter det NRK får opplyst har raset gått i eit område der det ikkje brukar kome ned noko. Jordmassane skal ha losna vel 15 til 20 meter over vegen.

– Dei vil sjekke litt i området over raset. Raset er ikkje så veldig stort, men heile vegen er stengd, seier vaktoperatøren.

Forseinka på jobb

Laura Kvamme bur i Fjærland, og er ein av dei som ikkje kjem seg på jobb til rett til måndag morgon.

– No snakka eg nettopp med brøytemannskapet, og dei trur det skal gå ganske greitt å få rydda raset. Men det forseinkar ein del folk, men det er ikkje meir dramatikk enn det, seier ho til NRK.no litt før klokka 08.

Det er haustferie i Sogn og Fjordane denne veka, og barna i bygda skal difor ikkje på skulen og blir dermed ikkje hindra av raset.

– Slik set var det flaks at raset gjekk i dag, seier Kvamme.

Ho kan ikkje hugse at det har gått ras i dette området før, men skildrar det som eit bratt område. Når vegen opnar att ser ho ingen problem med å ta seg forbi.

– Eg stolar fullt og heilt på at når dei opnar vegen så er det trygt å køyre der.

Ras sperrar fylkesveg 57

Også på fylkesveg 57 mellom Dale og Osen bru har det gått ras i morgontimane. Vegtrafikksentralen fekk melding like før klokka 06. Raset skal vere vel to meter høgt, men ikkje særleg breitt.

– Eg fekk nyleg melding om eit jordras ved Setenes. Entreprenøren er på veg ut for å sjå på kor stort det er, men ifølgje dei som er på plassen skal det ikkje vere så veldig stort, seier vakthavande Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal til NRK.no klokka 05.50.

Også her er det venta at vegen vil opne att rundt klokka 08.30.

Etter ein lang periode med tørt vêr, har det kome ned til dels store mengder nedbør i Sogn og Fjordane dei siste dagane.

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane, og melder om lokalt store nedbørsmengder måndag.

Ras på vegen mellom Fjærland og Mundal

RAS: Eit ras av jord og gjørme sperrar vegen som går inn til Mundal i Fjærland.

Foto: skjermdump Google maps/maps.google.no