Hopp til innhold

Buss mot bil i Stryn

Ein buss og ein personbil kolliderte på riksveg 15 rett vest for Stryn sentrum.

Kollisjon mellom buss og bil i Stryn

Ulukka skjedde rundt klokka 16.45 onsdag.

Til Haukeland

Den kvinnelege passasjeren i personbilen er send med luftambulansen til Haukeland sjukehus i Bergen med livstrugande skadar, medan den mannlege sjåføren vart send til Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid. Han vart torsdag kveld overførd med luftambulansen til Førde Sentralsjukehus.

Eldre ektepar

Det var eit ektepar i 70-åra som sat i personbilen. Ingen i bussen som frakta turistar vart skadde.

Personbilen som kolliderte med buss i Stryn

Ulukkeskommisjonen kopla inn

Ulukka skjedde ved avkøyrsla til Toyota-forhandaren på Tonningsleirane. Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til samanstøyten. Saka skal granskast av ulukkeskommisjonen.