LES OGSÅ:
E16 vert tidlegast opna søndag føremiddag.
- Forsyningane er på veg, så vi skal nok klare oss ei natt til. I kveld skal vi ha Bacalao og pils, smiler Jan Jensen som er ein av 34 som sit verfaste på Filefjell.
LES OGSÅ:
Takka nei
Laurdag ettermiddag fekk dei tilbod om å bli leia over raset ved Gram, til Lærdal på vestsida.
- Men ingen av oss takka ja til tilbodet frå Mesta. Det var ein tur til fots og bilane måtte stått igjen. Det var ingen av oss interesserte i. No har vi dessutan fått opp både mat og pils, smiler Jensen.
Lir inga naud
To ras, eit på austsida av fjellet, og eit ved Gram hindra bergensaren og reisefølgjet på fire i å nå skiferien på Hemsedal. Fredag kveld vart dei mellom 20 som vart innlosjerte på hytter ved Maristuen. 14 andre er innlosjerte ved brøytestasjonen eit godt steinkast unna.
LES OGSÅ:
- Vi har aviser og tek oss nokre spaserturar. Vi lir inga naud og no er provianten på veg. Nokre gutar har med seg ein fotball som dei leikar med, sjølv om det kanskje ikkje er rette forholda til det. Det er kanskje lett bris, men vinden kjem litt i kasta, fortel Jensen.
Venene i Hemsedal
Bergensaren og fleire vener skulle nytte helga til skiferie i Hemsedal.
SJÅ:
- Dette vart ein litt annleis ferie enn vi hadde venta. Tre av følgjet reiste nokre timar seinare og kjem sikkert fram til Hemsedal om nokre timar. Dei var på Borlaug då vegen stengde og overnatta på Gudvangen. No er Hemsedalsfjellet opna for kolonnekøyring, seier Jensen.
Lurer på å snu
Han er usikker på om dei søndag vil halde fram turen til Hemsedal, eller om dei returnerer til Bergen.
LES OGSÅ:
- Hadde dei opna i løpet av kvelden eller natta, så hadde vi nok reist til Hemsedal. Det er berre ein times tid unna, medan turen attende til Bergen tek om lag fire timar. Vi får sjå når dei opnar, seier han.
Søkte gjennom ras
Redningshundar søkte laurdag gjennom raset ved Gram. Raset skal vere om lagg 200-300 meter breidt og sju meter høgt på det høgaset.
LES OGSÅ:
Også raset på austsida av fjellet skal vere stort. Vegvesenet har starta arbeidet med å rydde raset ved Gram, men vil ikkje opne vegen i dag.
Opnar søndag
- Vi vonar å ha rydda raset ved Gram i løpet av kvelden. Men vi vil ha geologar inn for å vurdere rasfaren på austsida. Dessutan har vi ikkje kapasitet til å få rydda det andre raset, seier Kai Johnny Bugjerde ved vegmeldingssentralen i Lærdal.
Raset på austsida av Filefjell vonar Statens Vegvesen å få rydda søndag slik at vegen kan opne på ettermiddagen.