Hopp til innhold

Brukar millionar på kroppspleie

Vi har aldri tidlegare brukt så mykje pengar på kroppen vår.

Spa

Illustrasjonsfoto

For to år sidan bestemte Laila Hoff Hansen og ein kollega å utvide parfymeriet sitt med ei eiga spa-avdeling. Spa-avdelingane har vokse og Hansen har fått fleire tilsette. I haust opna dei ei avdeling til på Førde Hotell. Ho er ikkje redd for at dei satsar for stort.

Så potensiale

- Vi såg potensiale til at folk ønska meir. Det var ikkje så stort spa-tilbod i Førde frå før. Eg trur det er og blir at folk ynskjer å bruke tid og pengar på seg sjølv. Det er blitt meir og meir vanleg, seier ho.

Nordmenn brukar stadig meir pengar på frisering og skjønnhetspleie. Dei siste tala SSB har fått inn viser at nordmenn brukte 1,1 milliardar kroner på akkuratt dette i månadene juli og august. Difor er det kanskje ikkje overraskande at også Rica Sunnfjord hotell skal opne si eiga Spa- avdeling rundt påsketider neste år. Marknaden er på veg oppover.

- Spesielt menn er blitt meir opptekne av å ta vare på seg sjølv dei siste åra. Dei tek gjerne hudpleie og det er viktigare for dei å føle seg vel. Det er nok blitt fleire av dei sidan eg starta opp, seier Nelli Ann som starta frisør og hudsalong i 1994.

- Mennene var forsiktige

Ann merkar at det har skjedd forandringar i kundegruppa i fylket.

- Då eg starta opp var mennene gjerne litt meir forsiktige, og lurte på om det var fleire som brukte desse tenestene. Dei føler kanskje at det er litt feminint å gjere det, seier ho.

Det er ikkje berre kropp og ansiktbehandling som blir meir populært. Klinikk Førde driv med medisinske inngrep.

- Vi har hatt det beste året det siste året. Det har kanskje med at vi er blitt meir kjende i miljøet og heile fylket. Ein del pasientar brukar tilbodet som dei ikkje brukte før. Eg trur det er ein generell utvikling i samfunnet der ein gjerne ser på fjernsyn at ein kan ordne ting som før var forbeholdt skodespelarar og andre profilerte personar, seier dagleg leiar Laila Evjensvold.

Meir vanleg

- Vanlege folk brukar denne behandlinga meir enn for fem-ti år sidan, seier ho.

Evjensvold fortel at folk frå Sogn og Fjordane tenkjer seg om to gonger før dei besøkjer klinikken.

- Reine kosmetiske operasjonar for å justerie småting har vi ikkje sett mykje av. Men eg trur utviklinga går kanskje i retning at folk har ein lågare terskel for å fikse på ting, enn det har vore hittil, seier ho.