Hopp til innhold

Bru over Esefjorden får sinna i kok

Det er stor usemje om brubygging over Esefjorden i Balestrand. Torsdag skal kommunestyret vedta om dei ynskjer å byggje brua.

Esefjorden frå sjøen.

BRU: Politikarane i Balestrand skal torsdag bestemme seg for om dei vil gå vidare med planane om ei bru over Esefjorden.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Medan ordførar Harald Offerdal (Ap) kjempar for bru, ser eigar Bjørn Skanke Sande ved Kringsjå Hotell mange ulemper ved bruprosjektet.

– Esefjorden er det mest kjende fjordmotivet i Norge. Det er Esefjorden som heile reiselivet er bygt opp kring, seier han.

Sterke kjensler

Harald Offerdal

ORDFØRAR: Harald Offerdal (Ap).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Diskusjonen om bru over Esefjorden har pågått sidan 1959, og torsdag skal saka opp i kommunestyret. Skanke Sane fryktar store naturinngrep om brua på fylkesveg 55 blir realisert.

Rådmannen tilrår at dei går vidare med planane for å rassikre og utbetre vegen.

– Den er måla og teken bilete av. Nokre av dei første bileta som vart tekne var med Esefjorden i bakgrunnen. Eg vaks opp med denne debatten, og den skaper veldig sterke kjensler i bygda, seier han.

Sikker vegløysing

Vegutbetring og rassikring rundt fjorden er kalkulert til 538 millionar kroner. Då er ikkje vegen Ese til Balestrand sentrum medrekna. Rassikring av Kjenesskreda og Hølskreda med tunnel er åleine kalkulert til 444 millionar kroner.

Kostnadskalkylen for ei bru er 400 millionar kroner. Ordførar Offerdal argumenterer med at det er farleg å køyre i det rasutsette området.

– Det viktigaste for oss er å få ei sikker vegløysing rundt fjorden, så vi slepp å leve med den rasfaren som vi dagleg gjer om vinteren, seier ordføraren.

– Naturinngrep, uansett

Rådmannen slår likevel fast at ei bru utvilsamt vil vere eit inngrep som påverkar kvaliteten til Esefjorden som ei merkevare for reiselivskommunen.

Offerdal trur ikkje det blir betre for naturen å rassikre den eksisterande vegen i staden for å bygge bru.

– Men det som ligg føre per no, så ligg det føre naturinngrep, seier han.

Bjørn Skanke Sande

- BRU ER VANDALISME: Bjørn Skanke Sande.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kortare reisetid

Avhengig av plassering, kan ei bru kan korte køyrelengda langs Sognefjorden med 5,6 kilometer. I tid utgjer det vel fem minuttar. Rådmannen peikar på at det er positivt for transportnæringa og verksemder som avheng av transport.

Eit slikt argument kjøper ikkje hotelleigar Skanke Sande.

– Nei, om dette var hovudferdsåre, så hadde eg forstått at det var betydeleg for trafikken. Men rundt Esefjorden er det marginal trafikkbelastning, seier han og meiner bru blir meir vandalisme enn tidsbesparing.

Kringsjå Hotell og Vandrarheim i Balestrand

HOTELL: Eigar Bjørn Skanke Sande, ved Kringsjå Hotell, vil ikkje ha noko bru over Esefjorden.

Foto: Ottar Starheim / NRK