Hopp til innhold

Briksdalsbreen ikkje truga

Klimakrisa råkar ikkje Briksdalsbreen så hardt som tidlegare frykta.

Briksdalsbreen
Foto: Bjerknessenteret

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

- Enorme snømengder dei siste to vintrane har gjort at breen tvert om har vakse, seier breforskar Atle Nesje.

Mange var for kort tid sidan uroa over at brearmane minka svært mykje:

LES: Brear på historisk lågmål

I september vart det meldt at alle breane smelta i rekordtempo.

LES: Breane smeltar i rekordfart

- Snø er inntekt, smelting er utgift

Breen trekte seg tilbake med 122 meter på eitt år, men Nesje seier breen no har "lagt på seg" att.

- Breane er styrt av nedbør om vinteren og varme temperaturar om sommaren. Snøen er inntekt og snøsmelting er utgift. Store snømengder gjer at den store avsmeltinga dei siste åra truleg vil stoppe opp, seier Nesje.

Mange brear forsvinn

- Har åtvaringane mot bresmelting berre vore propaganda for å skremme?

- Nei, det har det ikkje. For ein må skilje mellom endring i vèr og endring i klima. Det vil kome klimaendringar uavhengig av enkeltår. Og vi veit fjellbreane smeltar i rekordfart over heile verda, og at mange brear forsvinn kvart år.