Kjerpeseth kallar denne fredagen som den største dagen i Bremanger si historie. Det handlar om ein veg som går frå Klubben på Bremangerlandet gjennom ein undersjøisk tunnel under Skatestraumen via to nye tunnelar og over ei bru til Kolset på fastlandet.
325 millionar kroner er prislappen på det som er første del av Bremangersambandet, og som gjer at ein ferjefritt kan reise rundt heile kommunen.
Når folket på Bremangerlandet no har fått fastlandssamband, er neste steg å gi dei kortare veg til Svelgen når dei først får sett beina på fast grunn på Kolset. Andre byggjesteg, som blir veg og tunnel frå Bortnen til Langesjø, håper Kjerpeseth kan vere ein realitet før utgangen av tiåret. Og med Bremangersambandet opna, trur Kjerpeseth kommunen vil bli betre å bu i.
Vegdirektør Olav Søfteland fekk æra av å kutte snora. Foto: Randi Indrebø, NRK Sogn og Fjordane.
Mykje folk hadde møtt opp for å få med seg opninga. Foto: Randi Indrebø, NRK Sogn og Fjordane.
Brua over Rugsund. Foto: Randi Indrebø, NRK Sogn og Fjordane.