– Vi trur at det totalt blir betre besøkstal i år fordi vi har meir kapasitet. I tillegg hadde vi bra med besøk på familiearrangementet i går, seier arrangør Hilde Hauge.
Både fredagen og laurdagen var utseld, og det deltok mellom to- og trehundre på familieaktivitetane i går. I kveld spelar Kari Bremnes i Bremangerhallen, og om salen blir full, trur arrangøren at dei vil runde tusen besøkande.
Den fyrste Bremanger Rockweekend blei arrangert i 1980, og med unnatak av åra 2008–2014 har festivalen vore ei årleg hending.
Måtte «ta det ned» for ikkje å gå i minus
Det har ikkje alltid vore lett å arrangere rockefestival med konkurrentar som Malakoff og Utkant-festivalen.
– For to år sidan hadde vi kraftig underskot, seier Hauge.
Arrangørane er frivillige, og festivalen har ikkje mange pengar å drive for.
– På den tida prøvde vi å ha eit større arrangement, med telt. Då trong vi fleire besøkande for at det skulle gå rundt, og det var vanskeleg å få til.
Satsar på kvalitet
Dei bestemte seg for å flytte festivalen inn.
– Det blir ei anna atmosfære, og det avgrensar kor mange som kan komme inn. Men det har fått oss i balanse, vi har funne «vår greie», seier Hauge.
Med mindre publikumskapasitet må dei også tenke mindre skala i artistar som blir booka.
– Vi som jobbar her har god peiling på musikk etter kvart, og sjølv om vi kanskje ikkje kan invitere dei mest kjende namna, vil vi invitere gode musikarar. Publikum skal kunne stole på den musikalske kvaliteten, seier Hauge.