Hopp til innhold

Rong skule må stenge etter store brannskadar

Delar av Rong skule er totalskadd. Politiet leitar etter fire born som skal ha sprunge frå staden like før brannen brot ut.

Brann Rong skule

BEKYMRA: Brannvesenet fryktar spreiing av brannen på Rong skule, men seier at sløkkearbeidet har god effekt.

Foto: Ole Martion Dåvøy Skår / Vestnytt

SISTE: Brannvesenet melder klokka 1617 at brannen på Rong skule no er sløkt.

– Brannen er meldt sløkt, men vi vil halde på ein god stund til for etterkontroll og redning, seier vaktkommandør ved 110-sentralen, Håkon Myking.

Store skader på bygget

Politiet har oppretta sak.

– Vi må nå finne ut kva som har starta brannen, seier vaktkommandør ved politiets operasjonssentral, Helge Blindheim.

Blindheim erfarer at skadeomfanget på bygget er stort.

– Det er trist at skulen er hardt ramma av brann. Det vil påverke de tilsette og borna på skulen.

Brann Rong Skole, Øygarden

Naudetatane fekk melding om brannen klokka 14.30, og var på staden etter fem minuttar.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Må stenge

Ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik (H), seier til NRK at skulen må stenge.

– Den eine fløya av skulen er meir eller mindre totalskadd. Det betyr at me ikkje kan levere undervisning på denne skulen på måndag, seier Indrevik.

Det er derimot ikkje skulefri, understrekar ordføraren.

– Vi arbeidar med å gje et anna tilbod til de 200 elevane ved Rong skule. Elevane kan altså ikkje ta seg sommarferie enda.

Brann Rong Skole, Øygarden

Ordførar Tom Georg Indrevik (H) drog raskt til skulen etter melding om brann.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Frykta spreiing

Politiet fekk melding om brannen klokka 1430.

Fem minutt etter var brannvesenet på plass.

Brannvesenet møtte opne flammar og frykta spreiing. Det er meldt om stor skogbrannfare i området.

Brannen skal ha starta ved inngangspartiet til skulen, men spreidde seg til taket og vidare til to av skulens fløyer.

– Vi arbeidar frå eit spor om at brannen skal ha starta i eit søppelspann ved inngangspartiet til skulen, seier Helge Blindheim.

Vitne fortel om born som sprang frå staden

Brannvesenet meldte at det blei observert fire born springande frå staden like før brannen brot ut.

Vaktkommandør Blindheim bekreftar til NRK at politiet er på utkikk etter fire born.

– Vi har eit vitne som har sett fire barn springe frå staden. Vi er på utkikk etter dei no, men veit ikkje kven dei er på noverande tidspunkt, seier Blindheim.

Brann Rong Skole, Øygarden

Innsatsleiar i politiet Kaspar Kaland bekreftar at politiet er på utkikk etter fire born.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Blindheim oppfordrar foreldre til å vere observante.

– Viss pårørande får born heim som fortel om denne hendinga, eller kan verke å ha hatt noko med det å gjere, er det sjølvsagt ønskeleg at dei tar kontakt med oss. Vi ønsker å prate med dei, seier Blindheim og understrekar at politiet er i ei startfase når det gjeld etterforsking.

– Vondt å vere vitne til

Vaktmeister ved Rong skula, Kjell Åge Alvheim (66) er opprørt over den nedslåande beskjeden om brann på hans arbeidsplass.

– Dette var ikkje kjekt. Det er vondt og vanskeleg å vere vitne til, seier han til NRK mens han observera brannen frå avstand.

Han fortel at bygget er ganske nytt, fem-seks år gammalt.

– Korleis blir det å gå på jobb måndag?

– No veit eg ikkje om vi skal på jobb på måndag. Nei, eg får møte opp og sjå kva som skjer.