– Det brenn i ein einebustad i Refvika. Bebuarane har sjølve forsøkt å sløkke brannen, etter at det har vore nedslag i peisen eller liknande, opplyste operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt like etter at brannen var meld.
Ifølgje Gulliksen skal alle som var i huset skal ha komme seg ut før naudetatane kom til staden.
– Det skal tilsynelatande ha gått bra, men dei kan ha inhalert røyk og vil bli sjekka av ambulansepersonell, seier Gulliksen.
Brannen vart meldt klokka 18.57. Kort tid etter hadde brannvesenet fått kontroll.
– Klokka 19.13 var brannen meldt sløkt, opplyser Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.
Brannvesenet har hatt røykdykkar inne for å sjekke huset. Klokka 20.10 melder politiet at brannvesenet driv ettersløkking på staden. Dei tre som var i huset er blitt sjekka for røykskadar.