Politiet fekk melding klokka 15.38 om at det brann i eit bustadhus i Langevåg, sør på Bømlo.
– Huset har fått store skadar, men det skal ikkje ha vore nokon i huset då det byrja å brenne, seier politioverbetjent i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Torgeir Stødle.
Like før klokka 17.00 melde brannvesenet at brannen var sløkt.
– Mannen som eig huset oppheldt seg på ei anna adresse, men er varsla om brannen, fortel Stødle.
Årsaka til brannen er førebels ikkje kjent.
– Det blir gjennomført tekniske undersøkingar på staden i morgon. Det har vore for mykje røyk og varme i huset til at det har latt seg gjennomføre i dag, seier Stødle.