Desse selskapa blei dei store vinnarane på børsen. Dette er svært gode nyheter for næringa i Hordland, seier leiar i Vestnorsk Havbrukslag, Even Søfteland.
Kjøtet årsak
Søfteland meiner det er liten tvil om at sjukdomsinfisert kjøt er ei avgjerande årsak til børsopgangen. Sluttresultatet på børsen i går viste at verdien på Fjord Seafood og Pan Fish auka med høvesvis 12,77 og 11,11% i løpet av ein kort dag.
Sjømat meir pop
I går var fiskeoppdrettsselskapa dei klare vinnarane på Oslo Børs. Men for berre eit par år sidan fanst det ikkje ei einaste børsnotert norsk fiskeriverksemd. Even Søfteland meiner det er ei langsiktig årsak til prisoppgangen. Etterspurnaden etter sjømat har auka gjennom fleire år, men toppen nett no kjem på grunn av kugalskap og munn- og klauvsjuke.