Sur nedbør fører til ekstrautgifter for bøndene, som må bruke store mengder kalk for å forbetre jorda. I tillegg blir dyra lettare sjuke på grunn av mangel på kalsium og magnesium.
Utrekningar og målingar utført av Norsk institutt for luftforskning viser at opp til 3,5 prosent av den sure nedbøren på Vestlandet kjem frå Statoil Mongstad. Det dreier seg mellom anna om utslipp av svovel frå tungoljeforbrenning.
Utanlandsk ureining
Det meste av den sure nedbøren kjem frå Storbritannia og kontinentet. Sidan det er vanskeleg for 17 bønder i ei lita fjordbygd på Vestlandet å stille opp mot Tony Blair eller Gerhard Schröder, meiner dei at Statoil eller norske styresmakter bør ta ansvaret.
- Det var når dei byrja at naturen vippa over. Vi må kome fram til ei erstatningsform dersom vi skal halde fram som bønder, seier Håkon Magnus Oppedal, som er bonde i Oppedal.
Problema med sur nedbør for vestlandsbøndene starta for alvor på 1980-talet. Då Statoil Mongstad fekk lov til å auke utsleppa sine i 1987, vart vassdrag og jordsmonn i Oppedal markert surare. Fisken strauk med og hjorten trakk inn på innmarka fordi han ikkje likte det sure jordsmonnet i utmarka.
- Innanfor kvotane
Informasjonssjef Kåre Næss ved Statoil Mongstad tok i fjor haust initiativ til eit møte med bøndene frå Sogn og Fjordane. Han lovar å sjå på eit krav frå bøndene, men han poengterer at Statoil alltid har halde seg innanfor dei lovlege utsleppskvotane.
- Vi driv verksemda vår i samsavar med dei konsesjonane vi har, og da kan vi ikkje utan vidare gå med på å betale erstatningar, seier Næss.