Bustadprisane hadde eit fall på 0,5 prosent i november, viser tal frå Eiendom Norge.
Justert for sesongvariasjonar, steig likevel prisane med 0,4 prosent.
Så langt i år har bustadprisane i Noreg stige med 6,3 prosent.
– Bustadprisutviklinga i 2024 vil truleg ende litt sterkare enn prognosen vår frå desember i fjor, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.
Administrerande direktør, Henning Lauridsen i Eiendom Norge.
Foto: Stian Lysberg Solum– Eg trur ikkje eg har ein sjanse
Eiendom Norge trekkjer fram Bergen og Stavanger som dei heitaste bustadmarknadane.
På ei visning for ein treroms sjølveigarleilegheit på Laksevåg i Bergen, møter NRK førstegongskjøpar Sunniva Bauck Dahl (27).
– Det var veldig mange på visning. Eg trur ikkje eg har ein sjanse, eigentleg.
Ho er ein av mange som drøymer om å kjøpe eigen bustad.
– Eg prøver å finne noko som passar meg, som ser bra ut, er greitt plassert, og er innanfor budsjettet mitt.
I Bergen sokk prisane med 0,4 prosent i november, men korrigert for sesongvariasjonar steig prisane med 0,8 prosent.
Totalt for 2024 har prisane i Bergen gått opp med 12,1 prosent.
Sunniva Bauck Dahl
Foto: Silje Rognsvåg / NRKKnivar om den sterkaste prisveksten
I Stavanger har prisane auka med 12,5 prosent så langt i år.
– Stavanger og Bergen knivar om å få den sterkaste prisveksten i 2024, seier Lauridsen i Eiendom Norge.
I oktober forklara Lauridsen at prisveksten på Vestlandet skuldast at det eksportretta næringslivet held til her, og som også drar opp ein elles ganske så svak norsk økonomi.
Det kan bli spenning rundt tala for desember.
Få bustader på marknaden
I Bergen er det definitivt seljars marknad for tida. Etterspørselen er langt høgare enn tilbodet, opplyser eigedomsmeklar Trude Gunnlaugsson i EiendomsMegler 1.
– Marknaden er litt tømt for bustadar akkurat no. Vi ser derfor at veldig mange bustadar no går over takst, seier Gunnlaugson og legg til:
– Spesielt går bustader i 3–5 millionars klassa over takst. Nokre går langt over, nesten 1 million, seier Gunnlaugsson.
Eigedomsmeklar Trude Gunnlaugsson frå EiendomsMegler1-
Foto: Silje Rognsvåg / NRKTysdag kveld var 20 interessentar med følgje på visning på leilegheita i Laksevåg. Leilegheita har ein takst på nettopp rundt 3 millionar kroner.
– Det kom ein drøss med påmeldingar i dag og i går. Veldig mange har råd til denne prisklassa, seier meklaren.
Onsdag meldar Gunnlaugson at leilegheita vart seld for 80.000 kronar over takst.
Sunniva Bauck Dahl sjekkar ut kjøkenet i leilegheita.
Foto: Silje Rognsvåg / NRKHadde håpa det var lettare
– Eg hadde håpa at bustadmarknaden var litt greiare å ha med å gjere. Eg tenkte at marknaden kanskje var litt rolegare enn andre stadar, i alle fall Oslo, seier Sunniva Bauck Dahl og legg til:
– Men det er jo ein fin by, så eg forstår at mange har lyst til å bu her.
Trass den krevjande marknaden, forsøker ho å vere positiv. Ho vil kjøpe utan hjelp frå foreldra.
– Det er jo litt kjipt om ein må ha foreldre som hjelper til. Då kjenner ein seg ikkje så sjølvstendig. Men eg håpar å finne noko, og så får det ta den tida det tar.
BERGEN: I Bergen har bustadprisane auka med 12,1 prosent i 2024.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKNHH-professor: – På kort sikt vinn dei som skal inn i bustadmarknaden
I 2025 vil ein trenge 10 og ikkje lenger 15 prosent eigenkapital for å kjøpe bustad.
Professor Trond M. Døskeland ved NHH ser fleire sider ved endringa.
– På kort sikt vinn dei som skal inn i bustadmarknaden. Når dei treng mindre eigenkapital, vil dei komme seg lettare inn på bustadmarknaden, seier Døskeland og legg til:
– Men det ein er bekymra for på lang sikt, er at bustadprisane allereie er høge og kan auke enda meir. Får ein då ein ei vedhaldande høg bustadrente, eller høgare bustadrente, vil det vere folk som begynner å slite med å betene bustadlånet.
NHH-professoren omtalar kravet om 15 prosent eigenkapital som ei sikkerheit.
– Dei som no kan kjøpe bustad med berre 10 prosent eigenkapital, vil med ei høg rente eller uventa bustadprisfall måtte selje og da få problem. Det er derfor ein har hatt kravet om 15 prosent eigenkapital. Kravet har verna folk mot seg sjølve, seier Døskeland.
– Bankane får no eit auka ansvar. Det blir no meir opp til bankane å velje ut dei som har råd til bustadlån, og dei som ikkje har det.