Hopp til innhold

Bob Geldof til Utkant

Mannen som organiserte Live Aid og skreiv «Do They Know It`s Christmas», kjem til årets festival i Skjerjehamn i Gulen.

Bob Geldof

JORDNÆR: Bob Geldof er ein jordnær fyr, og kravde ikkje helikopterlandingsplass for å kome til Gulen, spøker festivalsjef Viggo Randal.

Foto: Pressefoto

– Me synest det er veldig stort å få besøk av ein sånn mann på ein så liten plass. Me er veldig, veldig glade for å få dette til, seier festivalsjef Viggo Randal til NRK.

Bob Geldof starta karrieren i det irske bandet Boomtown Rats, som vart det første irske bandet som nokon gong toppa den britiske singellista med «Rat Trap» i 1978.

Men året etter kom den langt meir kjende «I don`t like mondays», med den tragiske historia med den 16 år gamle jenta i California som svarte at ho ikkje likte måndagar, på spørsmål om kvifor ho skaut ti personar.

– Kravde ikkje helikopterlandingsplass

Festivalsjefen vedgår at dei har måtta jobbe lenge og hardt for å få Geldof på plass.

– Det er eit stort trekkplaster for oss. Vi er ein stor, liten festival. Det er det største namnet vi har hatt på vår plakat, seier Randal.

Det Geldof er aller mest kjend for er likevel stiftinga av Band Aid saman med Midge Ure i 1984, og velgjerdskonserten Live Aid året etter. Til den skreiv dei to låten «Do They Know I`ts Christmas». I 2005 arrangerte dei Live 8, som oppfølgar. Ein så stor mann kjem ikkje gratis.

– Eg trur ikkje eg skal kommentere honoraret til enkeltartistar. Vi må jobbe innanfor budsjettet vi har. Bob Geldof er ein jordnær fyr, og han kom ikkje med krav med helikopterlandingsplass eller noko slikt, ler han.

– Får håpe E39 er open og ferjene går

Då Utkantfestivalen sette ny publikumsrekord i fjor med over 14.000 besøkande, sa festivalsjefen at det ikkje var mogleg å vekse så mykje meir utan å miste den intime kjensla i små forhold i Skjerjehamn. No skal sjølvaste Bob Geldof vere opningsartist på onsdag 22. juli.

– Onsdagen, som vi innførte i fjor, er den einaste dagen vi har litt plass til å vekse. Vi får satse på at E39 er opna og at ferja går innan han, dei andre artistane og publikum kjem, ler ein strålande nøgd festivalsjef.