Hopp til innhold

Blir framstilt for varetekt i dag

Den terrortiltalte 37-åringen, som tidlegare har budd i Førde, blir i dag framstilt til varetektsfengsling.

Video Pressekonferanse hos PST

PST vil framstille dei tre terrormistenkte for varetektsfengsling.

Foto: Nyhetsspiller

Alle dei tre terrorsikta vil bli framtsilt for varetektsfengsling, men både den 39 år gamle uiguren og den 31 år gamle usbekeren vil bli framstilt for varetektsfengsling måndag Det opplyser Oslo tingrett.

37-åringen blir framtstilt i dag

Men den 37 år gamle irakeren som vart pågripen i Tyskland, vil bli framstilt i dag.

– Min klient vil bli framstilt for varetekt i Frankfurt i dag, men eg vil ikkje vere til stade, seier advokaten hans, Arvid Sjødin til NRK.no.

Dei sikta

Ein av dei sikta skulle i utgangspunktet framstillast for varetektsfengsling allereie laurdag, men Oslo tingrett opplyser i dag at begge fengslingsmøta vil finne stad måndag.

I henhold til lova kan ein sikta kun sitte 72 timar i varetekt før eit fengslingsmøte, men ein kan be om utsetting dersom partane samtykker til det.

Vil lukke møta

– Politiet vil be om lukka dører for fengslingsmøta i Oslo tingrett, men dei sikta vil truleg vere til stade, seier informasjonssjef Martin Bernsen i Politiets tryggingsteneste.