Mannen hadde gjeve beskjed om at han skulle køyre med båt frå Hovden til Florø rundt klokka 16 laurdag ettermiddag.
– Då han ikkje dukka opp att på avtalt tid blei vi kontakta, og det blei sett i verk ein leiteaksjon, fortel operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Både redningsskøyta og redningshelikopteret blei sett inn i leitinga, og laurdag kveld blei mannen og båten funne på ein grunne ikkje langt frå staden der ferda starta kort tid etter at leiteaksjonen vart sett i gang.
– Han hadde lagt ut på fjæra sjø og hadde blitt ståande fast, og hadde ikkje hatt høve til å kontakte folk om at han stod fast. Heldigvis blei mannen funnen i god behald, seier Gulliksen.