Hopp til innhold

Sogndal slo Ranheim i slitekamp

SOGNDAL (NRK): Sogndal slo Ranheim 1–0 på Fosshaugane etter at Robin Shroot sikra vinnarmålet på tampen av 1. omgang.

Robin Shroot

STERK ENGELSKMANN: Robin Shroot sikra 1-0-leiing til Sogndal til pause.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

94 min: Dommaren bles av kampen, ny siger til Sogndal!

90 + overtid: Ranheim pressar hardt på for ei utlikning. Men Sogndal har førebels kontrollen, corner til Sogndal på overtid.

88 min: Ranheim kontrar, Hagerup reddar med fingrane. Kristian Fardal Opseth inn for Jim Johansen.

86 min: Jim Johansen får ein trykk i hovudet, men kjem raskt inn att på bana. Russen og Saftkokaraden held stemninga oppe for 2637 tilskodarar på Fosshaugane.

79: Sogndal klarer å bryte, spelar seg til fleire gode sjansar, men ballen vil ikkje i mål hittil i 2. omgang.

72 min: Nytt godt skot frå Lars Kristian Kjernhus, Ranheim-målvakta avklårar så vidt.

67 min: Ranheim har kome meir med i spelet no, Sogndal-forsvaret ryddar opp, men blir pressa. Victor Grodås går ut, inn Hannu Patronen.

61 min: Lars Christian Kjernhus skrur ballen rett mot Ranheim-målet. Ballen stryk rett utanfor! Sogndal har eit solid trykk framover på bana no.

46. min: Stor sjanse til Sogndal, Ranheim-målvakt Andreas Lindberg avklårar med foten.

44 min: Robin Shroot sender Sogndal opp i leiinga 1-0!

42. min: Robin Shroot prøver seg på eit skot frå rundt 20 meter, rett utanfor.

40 min: Ulrik Flo må ut med skade, inn kjem Rune Bolseth

36 min: Are Tronset på Ranheim headar, men Stefan Hagerup i Sogndalmålet har kontroll.

31 min: Ulrik Flo låg strak ut ved straffemerket til Ranheim. Fysisk trenar Helge Haugen entrar bana med medisinskrinet. Flo reiser seg att. Førebels det mest spennande som har skjedd i kampen.

22. min:

God sjanse til Sogndal, ballen endar til slutt i nettveggen – utanfor mål – frå Ulrik Flo.

20. min:

Sogndal har dei siste minuttane hatt kontroll på spelet, men førebels har det ikkje vore nokon reelle sjansar til nokon av laga.

8. min:

Dei første åtte minuttane har vore jamne, men Ranheim har klart å spele seg til fleire halvfarlege sjansar. Sogndal verkar til å vere litt nervøse, og let trønderane kome til inn i forsvaret.

Men sogndalveteran Rune Bolseth fryktar ikkje at Sogndal skal gjere same tabbane mot Ranheim som sist gong eit trønderlag vitja Fosshaugane.

30. april i år var det nemleg Levanger som stakk av med ein 3–1 siger mot Sogndal på heimebane.

Sogndalkaptein Rune Bolseth før kampen mellom Sogndal og Ranheim på Fosshaugane

OPTIMIST: Rune Bolseth er overtydd om at Sogndal skal halde fram dei gode taktene frå dei siste kampane laurdag kveld.

Men denne gongen meiner Bolseth at laget er godt førebudde, også mentalt til å stå imot presset frå dei nest beste trønderane. Nokon repetisjon frå Levanger-kampen blir det ikkje.

– Nei, vi har ikkje det fokuset der i det heile tatt. Vi må ut på bana og gjere det vi gjorde mot Åsane sist. Vi må gå rett i strupen på dei og vere offensive. Satse på at vårt spel skal vere godt nok til å vinne, seier Bolseth til NRK.

Han meiner at Sogndal hittil i år har synt ein sterk lagmoral, og at laget har spelarar som orkar å springe mykje, og blø for kvarandre på bana.

Eirik Bakke og Rune Bolseth

KLAR FØR KAMP: Eirik Bakke og Rune Bolseth på Fosshaugane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi har mange målskårarar i laget, og matchar vi dei på det løpsmessige så trur eg vi har gode sjansar til å vinne kampen, meiner Bolseth.

Rune «Bolli» Bolseth startar på benken i 16. mai-kampen mot Ranheim. Sogndal stiller med følgjande lag frå start:

Stefan Hagerup, Taijo Teniste, Christophe Psyché, Bjørn Inge Utvik, Victor Grodås. Lars Christian Kjemhus, Petter Strand, Babacar Sarr, Jim Johansen, Ulrik Flo, Robin Shroot.