Hopp til innhold

Blå lagune under breen

"Iskatedralen" under Nigardsbreen er blitt endå vakrare. No kallar breførarane hola for "blå lagune".

"Den blå laguna" under Nigardsbreen

'Den blå laguna' under Nigardsbreen slik naturfenomenet tok seg ut 15. desember.

Foto: Bjørnar Bjørhusdal

Då media over heile verda i fjor melde om "iskatedralen", den store isgrotta under Nigardsbreen i Jostedalen, meinte alle at den var eit flyktig fenomen som ville forsvinne i løpet av sommaren.

- Endå vakrare

No konstatererer breførarane i Jostedalen at grotta er der framleis, og ho har vorte endå vakrare sidan sist.

- Det viser seg at grotta ikkje har smelta vekk slik vi trudde, det er att ein god del, seier Bjørnar Bjørhusdal.

Turistar strøynde til

Dei vakre bileta frå Iskatedralen under tunga til Nigardsbreen trollbatt menneske over heile verda i fjor vinter. Breinteresserte strøymde til for å få med seg den blå grotta som låg så tilgjengeleg til, før vårvarmen gjorde katedralen under ismassivet for utrygg til å gå inn i.

Alle trudde at dette fenomenet var like flyktig som det var vakkert, men det viste seg å vera feil.

Sjå TV-opptak frå iskatedralen slik det var i januar 2008.

"Den blå laguna"

- No har vi skifta namn på fenomenet. Det som var iskatedralen er no blitt til "den blå laguna". Golvet er dekt av vatn, og det renn ein bekk gjennom slik som i fjor, men i tillegg har det opna seg eit stort hol i taket, om lag to meter i diameter, og der kjem det dagslys inn. Dermed er det ei heilt anna lysvirkning i denne hola.

"Ut i naturen"

I går kveld kunne du sjå breforskar Atle Nesje inne frå brekatedralen i programmet "Ut i naturen". Då han gjorde dei opptaka trudde han at han kanskje aldri fekk sjå dette igjen.

- Ja, det såg litt skummelt ut då vi var der i vår, for det var store isblokker i fronten som stod i ferd med å rase ned, og i sommar då eg var der kunne eg ikkje sjå at det var noka stor hole under isen. Då eg no fekk tilsendt bilete som viser at det er ein slik istunnel i år og, då vart eg litt overraska.

- Ganske trygt

Grotta under Nigardsbreen

Isjuklar er med på å skape spennande synsinntrykk i grotta.

Foto: Bjørnar Bjørhusdal

- Det har heilt sikkert vore smeltevasstunnelar undr Nigardsbreen før og, men det som er litt spesielt no er at det er tilgjengeleg rett bak fronten, slik at ein om våren og hausten kan kome inn i ishola og opphalde seg ganske trygt.

- Det skal vere bra trygt no, men det som kan vere litt farleg er snøras frå fjellsidene. Men går ein ilag med breførarar frå Jostedalen som kan vurdere risikoen så skulle ein vere nokså trygg der.

Vinterturisme

No ser dagleg leiar ved Breheimsenteret, Peder Kjærvik, fram til ein ny vinter med gjester frå fjern og nær som vil sjå den blå laguna under breen.

- Det var mykje merksemd og kundar for breførarane og for Jostedal hotell i fjor, så det vart det ein kan kalle vinterturisme, ja.

Atle Nesje kjenner i alle fall si besøkelsestid og legg turen til Jostedalen før isgrotta på ny står i fare for å klappa saman.

- Fantastisk blå lys

- Ja, eg har veldig lyst til å ta ein tur utpå våren ein gong, for det er ei heilt spesiell oppleving. Du får ei heilt spesiell kjensle når du kjem inn der, både lyden og ikkje minst det fantastiske blå lyset.

- Kjekt å drive med

Og breførar Bjørhusdal kan fortelja at turistane alt har begynt å koma.

- Vi har alt hatt to turar med utanlandske turistar, og no blir det marknadsført i utlandet, vi skal køyre turar inn dit med overnatting. Det er kjekt å drive med det, for vi ser på folk at det gir dei mykje å kome inn i grotta.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.